WeCare Bergen
WeCare Bergen ligg på Nesttun i Bergen kommune. Klinikken har eit døgntilbod til pasientar med hjartesjukdommar, i tillegg til både dag- og døgntilbod for arbeidsretta behandling.

Foto: WeCare
Hovudinnhaldet i tilbodet ved WeCare Bergen
Mål for rehabiliteringa:
Oppretthalde eller betre fysisk og psykisk funksjonsnivå, gi ei oppleving av auka livskvalitet, tryggleik og meistring av sjukdom, skade og livssituasjon, varig livsstilsendring der det er helsemessig nødvendig.
Tiltak for å nå måla:
- Kartlegging, målformulering, individuelle samtaler og fysisk test for å tilpasse rehabiliteringa best mogleg til den enkelte.
- Trening og klasseromsundervisning i trening og hjartesjukdom, stressmeistring, kosthald.
- Dag der pårørande blir invitert til å delta i undervisning og trening.
- Gruppebasert tilbod med individuelle tilpassingar
- Individuelle samtalar med sjukepleiar og fysioterapeut, eventuelt også lege og sosionom/attføringskonsulent.
- Kognitiv terapi som metode, og følgjer dei europeiske retningslinjene for fysisk aktivitet, trening og undervisning. Opplæring i Mindfulness for interesserte.
- Røykeavvenningskurs
- Oppfølgingstrening kvar veke på ettermiddagstid i 12 veker etter gjennomført rehabiliteringsopphald.
I det arbeidsretta tilbodet legg ein vekt på:
Tilbodet bygger på ein integrert modell for opptrening/rehabilitering og tilbakeføring til arbeidslivet. Tilbodet er arbeidsretta med fokus på arbeidsforholda og arbeidsplassen til pasienten. Hovudfokus er på funksjon framfor diagnose. Pasienten får rettleiing i å formulere mål for opphaldet og hjelp til å finne aktuelle tiltak for å nå målet. Pasienten skal ha ei aktiv rolle i sin eigen rehabiliteringsprosess.
Bistandsbehov
Alle pasientar får enklare hjelp og assistanse ved behov.
Faggrupper
Tverrfagleg rehabilitering ved WeCare Bergen blir utført av følgjande faggrupper:
- Legar (spesialist i allmennmedisin, spesialist i kardiologi, spesialist i indremedisin)
- Psykolog
- Sjukepleiarar
- Fysioterapeutar
- Instruktør
- Sosionom
- Ergoterapeut
Kontaktinformasjon
WeCare Bergen
Besøksadresse:
Nesttunveien 92, 5221 Bergen
Postadresse:
Postboks 384, 5853 Nesttun
Tlf: 55 11 41 50
Faks: 55 11 41 60
E-post: bergen@wecareomsorg.no
Heimeside: WeCare Bergen - WeCare Omsorg