logo

Alle møter

Alle møter skal bidra til et bedre tilbud til pasientene med gode kommunikasjonsløsninger, digitale tjenester og intern organisering. Pasienten skal møte sammenhengende, helhetlige, forutsigbare og planlagte pasientforløp i hele Helse Vest.

Prosjekta skal saman sørgje for god planlegging og ressursbruk ved poliklinikkane, betre tilgjengelegheit for pasientar og pårørande, forenkla kvardag for medarbeidarar og leggje til rette for bruk av digitale løysingar.

Føretaka i Helse Vest møter ei rekkje krav til forbetring av pasientbehandlinga. Desse er baserte på både eksterne forventningar og interne mål. I spesialisthelsetenesta er krava til presisjon i planlegginga og tilgjengelegheit i sjukehusa stadig aukande.

God planlegging er ein føresetnad for å kunne yte god service og levere gode tenester til pasientane. Det er behov for ei betre samordning av aktivitetar og ressursar for å sikre ein god og heilskapleg pasientbehandling. Det er også ei klar forventning frå samfunnet som heilskap, at pasientar sjølv får ei meir sentral og aktiv, likeverdig rolle i gjennomføringa av eiga behandling.

 

Helse Stavanger: Anne Berit Naley

Helse Fonna: Torunn S. Skogland

Helse Bergen: Ingvild Sunde

Helse Førde: Kjersti Engevik Nygaard

Haraldsplass: Malene Torsvik

Regional prosjektleiar: Finn Olav Mjærum

 

Prosjekt

Helsenorge-prosjekta:

​Prosjektet Vestlandspasienten utviklar løysingar på Helsenorge for pasientar i Helse Vest.

Pasientar kan logge inn med Bank-ID eller anna sikker innlogging og sjå alle timeavtalane sine på sjukehuset, status på tilvisingane sine og utvalde journaldokument. Dei kan også sende melding til sjukehuset om dei har spørsmål eller ønskjer å endre timen sin, og dei kan bekrefte at dei kjem til den oppsette timen.

Helsenorge gir pasientar i Helse Vest elektronisk tilgang til sjukehusjournalen sin, slik at det blir enklare for dei å vere delaktige i eiga helse og eiga behandling. Logg inn på Helsenorge med bank-ID eller anna godkjent innloggings-ID.

Kontakt prosjektleiar

Meir informasjon:

 
 

Prosjektet Mitt timeval skal utvikle løysingar der pasientar sjølve kan gå inn på nett og endre eller bestille timane sine på sjukehuset. I første omgang vil det bli mogleg på utvalde timar i Helse Vest.

Målet er at pasientar skal oppleve at dei kan vere med å bestemme meir over si eiga behandling og at fleire skal møte til timen sin.

Kontakt prosjektleiar

Formålet med prosjektet er å utvikle ny funksjonalitet knytt til bruk av skjema og brev for spesialisthelsetenesta og for innbyggjarar i Helse Vest.

Bakgrunnen er eit ønskje om ein overgang til elektronisk kommunikasjon og elektronisk innhenting av informasjon frå pasientar og pårørande.

Kontakt prosjektleiar

 

Vel møtt-prosjekta:

Prosjektet «Innsjekk og betaling» skal tilby løysingar for sjølvbetent ankomstregistrering og betaling via smarttelefon eller terminalar i inngangspartiet på sjukehusa.

Kontakt prosjektleiar

Med Pasientflyt og ressursar legg vi til rette for meir effektiv styring av pasientflyten for inneliggjande pasientar, på tvers av avdelingar, klinikkar og fagsystem.

Gjennom betre oversikt og kontroll med status, for eksempel på prøvesvar, kan vi utnytte sjukehuset sine samla ressurser betre og redusere heft. Vi kan også tilby pasientar og pårørande betre informasjon og større forutsigbarheit under opphaldet.

Løysinga for styring av pasientflyt og ressursar inneheld støtte til elektroniske tavlemøter, elektroniske informasjonstavlar i ventesoner, styringsinformasjon og meldingssentral for utveksling av signal, meldingar og status mellom fagsystem og ressursar. "Pasientflyt og ressursar" er eit prosjekt under Vel møtt-paraplyen.

Kontakt prosjektleiar

 

Andre prosjekt: 

Alle møter-programmet omfattar mange prosjekt som tar føre seg organiseringa og planlegginga i sjukehusa. Det dreier seg blant anna om korleis vi organiserer dei planlagde behandlingane og konsultasjonane for å utnytte kapasiteten i sjukehusa best mogleg og får ned ventetidene.

Vi ønskjer også å kunne gi pasientane våre ein mest mogleg føreseieleg kvardag. Derfor får ikkje lenger pasientar beskjed om at dei har krav på helsehjelp, utan at vi kan seie når dei skal få denne hjelpa. No får pasientane tildelt timen sin med ein gong. Det gjer det lettare for pasientane å planleggje livet sitt rundt behandlinga, og det gjer at det er større sjanse for at dei møter til timen sin.​​

Kontaktperson

Kvar tiande pasient som blir utskriven frå eit sjukehus i Helse Vest, blir lagd inn igjen innan 30 dagar. Vel heim-prosjektet fokuserer både på re-innleggingar og god utskriving. I arbeidet skal vi vareta:

Pasientperspektivet – pårørande og pasientane sine behov for informasjon og varetaking

Samhandlingsperspektivet – kommunikasjon og informasjonsflyt mellom kommune og spesialisthelsetenesta

Arbeidsprosessar – forenkle arbeidskvardagen til medarbeidarar i kommune- og spesialisthelsetenesta

Kontak​t prosjektleiar

 

Relaterte lenker

Helsenorge

Vestlandspasienten

Sist oppdatert 23.01.2023