Å kjenne til ulike risikoar og korleis dei verker på verksemda i sjukehusa, er viktig for å nå måla våre og sørgje for god utvikling av tenestene, både for medarbeidarar og pasientar. Når vi kjenner kva risikoen er, kan vi gjere noko for å redusere han.
Risiko- og verksemdstyring
Føretaksgruppa i Helse Vest har sidan 2009 årleg gjennomført systematisk overordna risikostyring av utvalde styringsmål. Risikostyringa er gjennomført i tråd med dei retningslinjene vi har hatt for risikostyring i Helse Vest. Frå 2019 gjer ein ny revisjon av rammeverket for arbeidet med risiko. Målet er at dette i større grad skal vere ein del av verksemdstyringa i helseføretaka på Vestlandet.
Det er laga eit eige rammeverk for verksemdstyringa.
Helse Vest gjer dette arbeidet i tett samarbeid med helseføretaka. Føringane som ligg til grunn er, blant anna, forskrifta om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta.
For å la risiko vere meir målretta og bli ein større del av verksemdstyringa, har ein frå 2020 endra det som har vore 'risikovurdering av overordna styringsmål' til risikostyring av utvalde område'. Desse områdena er blitt til det vi kallar fem topp risko i Helse Vest.
Formålet er å få eit betre og meir aktivt grep om risikostyringa, på same tid som ein legg til rette for styrkt regionalt samarbeid og læring på tvers av helseføretaka.
Fem risiko-område
Helse Vest RHF har saman med helseføretaka identifisert fem risikoområde som det særleg er behov for å følgje opp i føretaksgruppa for ein periode på 2-3 år. Dei fem områda som er peikt ut, er:
- Legemiddelområdet
- Vald og truslar mot medarbeidarar
- Uønskt variasjon – radiologi og ortopedi
- IKT og informasjonssikkerheit
- Ekstern turnover av medarbeidarar
Desse områda skal ha særleg merksemd, men helseføretaka kan leggje til område som gjeld sine verksemder. Arbeidet er organisert i kvart helseføretak og regionalt.
Metodikken
Metodikken er først å utarbeide faktagrunnlag og beskriving av pågåande arbeid. Vi veit mykje om kva utfordringane er og det skjer allereie mykje godt arbeid på desse områda. Likevel kan det vere behov for meir kunnskap og innsats for å ta ned risiko så mykje ein kan. Når ein har eit kunnskapsgrunnlag må ein gjere analyser og vurdere omfanget av kva risikoen inneber for medarbeidarar, leiarar og verksemda.
Når ein veit, må ein gjere tiltak og dele desse med andre helseføretak, anten ein lukkast med alt eller ikkje. Denne delinga er grunnlaget for læring og for at ein heile tida kan forbetre tiltaka. Ein viktig del av riskostyringa at ein undervegs evaluerer og korrigerer, og aller helst i samarbeid med andre