Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ekstern turnover

Helsetenesta står ovanfor store utfordringar knytt til rekruttering dei nærmaste åra. Det er for mange som slutter i tenesta, mange når dei har opparbeida seg høg kompetanse. Dette treng vi meir kunnskap om, slik at fleire blir og sjukehusa kan behalde dyktige medarbeidarar og viktig komptetanse.

Det å få eit solid kunnskapsgrunnlag har vore første steg i arbeidet med ekstern turover.

​Kunnskapsgrunnlage​t

​Den første rapporten om ekstern turnover er allereie publisert​

Denne kartlegginga viser at den årlege eksterne turnoveren i helseføretaka på Vestlandet, altså kor mange medarbeidarar som slutta i jobben, er på om lag 5,1 prosent mellom 2015 til 2021. Av 22 302 medarbeidarar i alle slags pasientretta stillingar i heile Helse Vest, slutta 4448 av dei i løpet av dei nesten sju åra. Dei aller fleste som går frå ein jobb i sjukhus i det offentlege,  held fram i en helserelatert jobb, gjerne andre stadar i landet eller i den kommunale helsetenesta.

Vinteren 2023 la Helsepersonellkommisjonen fram rapporten Tid for handling

I tilegg gjer ein blant anna årlege arbeidsmiljundersøkingar som gir kunnskap

Kva er rett nivå?

Ein har gjort undersøkingar av ekstern turnover tidlegare. – Stabil arbeidskraft er viktig i ein organisasjon. Over tid vil organisasjonen ha opparbeidd mykje erfaring og kunnskap ein kan overføre til andre. På same tid er ein viss turnover viktig for å få inn nye impulsar og tankar, sa professor Aslaug Mikkelsen ved UiS, i undersøkinga i 2004.​ Dette sitatet er like gyldig i undersøkinga frå 2022.

Kva som vil vere uønskt eller for høg turnover kan ein ikkje definere på eit overordna nivå, det må kvar verksemd avgjere. Kunnskap knytt til ulike yrkesgrupper og forholda mellom yrkesgrupper vil vere vesentleg for å sikre rett fagleg kapasitet, kompetanse og bemanning. For nokre grupper kan det over tid i eit helseføretak ha vore for låg turnover, noko som kan føre til at føretaket om få år vil ha eit stort tal på medarbeidere i ei yrkesgruppe som går av, for eksempel, for pensjon.

For andre helseføretak, yrkesgrupper og fag kan det vere vanskeleg å rekruttere og behalde medarbeidere over tid, slik at sjølv moderat og jamn turnover kan vere ei utfordring.

Kvart helseføretak må ta i bruk det ein veit om turnover og setje inn dei tiltaka som trengst.

Kvifor sluttar medarbeidarar?​

Psykologar, psykologspesialistar, assistentar innanfor pleie og assistentar innanfor psykiatri er yrkesgruppene der ein ser at fleire medarbeidarar har slutta. Det har vore færre sjukepleiarar og miljøterapeutar som har slutta i løpet av same periode. Medarbeidarar som arbeider skift eller turnus har ein litt større del av den ekstern gjennomstrøyminga enn dei som berre har arbeid på dagtid.

​Medarbeidarane oppgir at det oftast er ein kombinasjon av forhold ved arbeidet og forhold utanfor arbeidet som gjer at ein vel å slutte. Utover flytting som ikkje er relatert til jobben, er dei viktigaste årsakene til ekstern turnover arbeidsmengde, leiing, arbeidstider, låg bemanning, manglande fagleg utvikling, andre karrieremoglegheiter og lønn og vilkår. Dette er dei same årsakene som vart påpeikt​e i tidlegare medarbeidarundersøkingar gjennomførte i 2004 og 2014.

Kva no?

Tiltak må utviklast i samarbeid med leiarar, tillitsvalde og vernetenesta.

​Arbeidet om ekstern turnover skal først etablere eit faktagrunnlag, deretter må ein i fellesskap forstå kunnskapsgrunnlaget, simulere tiltak og moglege effektar, og setje i verk tiltak. Så må ein følgje opp at tiltaka verkar. Dersom ​tiltaka ikkje verker, må tiltaka avsluttast og ein må starte ein ny forbetringsprosess.

​Det er altså ikkje talet på tiltak som er det avgjerande, men dei viktigaste tiltaka som er identifiserte er å etablere gode og langsiktige strategiar for eksempel for utdanning, kompetanse, rekruttering, å ta vel imot nye medarbeidarar, å behalde og utvikle medarbeidarar, gode og førebudde hovudpraksisperiodar for studentar og planlegging og gjennomføring av klinisk praksis for medisinarstudentar.

Intensivsjukepleiarar og psykisk helsevern

Eitt godt døme på at det må skje eit grundig arbeid er arbeidet som er godt i gang med å etablere ei berekraftig utvikling for intensivsjukepleiarar​. Tilsvarande er det starta eit felles regionalt prosjekt for psykisk helsevern: Strategisk kompetanseplanlegging​ ​psykisk helsevern og TSB.​

Fem topp ris​iko hovudside

Sist oppdatert 28.05.2023