Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Uønskt variasjon - radiologi og ortopedi

Framleis er det slik at kva spesialisthelsetenester pasientar får, i mange tilfelle kan vere avhengig av kvar dei bur. Helsetenesta gjer ulike vurderingar av like tilstandar. Dette fører til uønskt variasjon i ei teneste som har likskap som ein grunnlegjande verdi. Korleis kan ein redusere uønskt variasjon?

Uønskt variasjon er stadfesta i ulike rapporter, blant anna frå Riksrevisjonen i 2019. Kjeldene til kunnskap er fleire, frå Helseatlas til ulike rapportar og registrering i system i sjukehusa.

​Variasjon i bruk av helsetenester blir omtalt som uønskt dersom han ikkje kan forklarast med forskjellar i vanhelse, pasientpreferansar eller tilfeldig variasjon. Uønskt variasjon i ​bruk av helsetenester utfordrar prinsippet om likeverdig behandling og kan vere uttrykk for underbehandling, overbehandling eller feilbehandling.​

Lik behandling for pasientane

Helseføretaka har i oppdrag å redusere variasjonen og sørgje for lik tilgang til behanding for pasientar. Dette arbeidet skal vere kunnskapsbasert og I Helse Vest går ein no systematisk gjennom data som kan avdekkje område for uønskt variasjon, i første omgang på områda radiologi og ortopedi.

Målet er å komme fram til ein god prosess og metode for ei systematisk tilnærming, å regulere kapasitet og følgje opp beste faglege praksis.

Dei første resultata ​av arbeidet med uønskt variasjon som del av topp fem risko i Helse Vest ligg føre våren 2023.

Fem topp risiko hovudside

Sist oppdatert 28.05.2023