logo Helse Vest

Desse prosjekta fekk innovasjonsmidlar våren 2022

Les meir om prosjekta som fekk tildelt innovasjonsmidlar frå Helse Vest. 

​​1​​​6 innovasjonsprosjekt har fått til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. 14 av prosjekta er i kategorien "nye prosjekt" og to i kategorien "idéoverføring".​

Helse Bergen​​​​

Prosjektleiar: Ralf Kellmann

Samarbeidspartnarar: Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Vest IKT

SpecBase er eit innovativt IKT-system utvikla ved Haukeland universitetssjukehus for ein automatisert kvalitetssikring av kompleks analyseteknologi, massespektrometri. SpecBase har allereie gitt store gevinstar, men skal vidareutviklast og bli tilpassa til molekylærgenetisk metodikk. Molekylærgenetiske analysar er viktige for å kunne diagnostisere kreft, arvelege sjukdommar, infeksjonssjukdommar og i persontilpassa medisin. ​

Haukeland universitetssjukehus gjer over 20 000 molekylærgenetiske testar per år og har utført 1 million COVID-19 analysar. Analysemetodane er svært komplekse og det er ei stor utfordring å lage gode, effektive system for kvalitetssikring og prosessovervaking. Per i dag eksisterer det ingen digitale verktøy og all kvalitetssikringa blir gjort manuelt. Dette krev mykje tid og risikoen for menneskelege feil er stor. I prosjektet skal SpecBase vidareutviklast og bli tilpassa laboratoria sine behov. Dette vil skje i nært samarbeid med Helse Vest IKT, Avdeling for medisinsk genetikk (HUS) og COVID-19-laboratoria ved HUS, Helse Stavanger og Helse Førde. Helse Vest IKT AS står for drift og programmering av SpecBase.

​Prosjektleiar: Margrethe Aase Schaufel

Prosjekteigar: Helse Bergen HF

I ​​denne tenesteinnovasjonen er målet å betre pasientbehandlinga for eldre pasientar med avansert lungekreft. Nye behandlingsmetodar gjer at fleire lever lengre med avansert lungekreft. Medikamenta har biverknadar som kan redusere livskvalitet og i verste fall vere livstruande. Nytteverdien av geriatrisk kartlegging og vurdering ved kreftsjukdom for å skilje ut pasientar som er for skrøpelege til å ha nytte av kreftbehandling er godt dokumentert, men er enno ikkje innført i klinisk praksis for lungekreftpasientar. 

Ved å undersøke skrøpelegheit systematisk skal pasientar som scorar positivt få ei brei kartlegging. Dette vil kunne styrke behandlinga av robuste eldre og redusere skadeleg behandling av skrøpelege eldre, redusere risiko for biverknadar og hyppige sjukehusbesøk når behandlinga vil vere til meir skade, enn nytte. På denne måten får pasientane auka livskvalitet og betre palliativ behandling. På sikt vil tenesteinnovasjonen gje rettare og betre prioriteringar i helsetenesta. 

Ved å nytte same kartlegging i alle føretaka i Helse Vest og gjennom samarbeid med kommunehelsetenesta, vil ein redusere variasjon i behandlinga i regionen. Målsettinga på sikt er å integrere resultata og nye prosedyrar i det nasjonale handlingsprogrammet for lungekreftbehandling.

Prosjektleiar: Vegard Tuseth

Hjertestans utanfor sjukehus har høg dødelegheit. Mindre enn 15 prosent av dei som får hjartestans utanfor sjukehus overlever i dag. Ved hjartestans er det essensielt å starte hjarte- og lungeredning så snart som mogleg. Dersom ein ikkje oppnår sirkulasjon etter standardbehandling, må pasienten bli transportert til sjukehus under pågåande hjartekompresjonar. På sjukehuset koplast pasienten til hjarte-/lungemaksin (ECMO). I praksis er hjarte- og lungeredning med ECMO sjeldan aktuelt når pasienten kjem til sjukehuset, mellom anna på grunn av lang transporttid og irreversibel hjerneskade undervegs. På grunn av alvorlege organskadar har hjartestanspasientar ofte lange og ressurskrevjande intensivopphald på sjukehus. Det er difor eit stort behov for å utvikle nytt medisinsk-teknisk utstyr som kan oppretthalde og forbetre blodsirkulasjonen til hjernen og hjartet under transport til sjukehuset. ​​

I dette innovasjonsprosjektet skal dei testa eit nytt og meir effektivt utstyr til bruk saman med hjarte-/lungemaskin ved hjartestans under transport. Ved hjelp av innovativ teknologi blir sirkulasjon til hjerne og hjarte optimalisert, samtidig som ein kan kjøle ned organ under transport. I prosjektet skal ein lage prototypar i samarbeid med Resolution Medical i Minneapolis i USA. Prototypane skal testast i dyrestudier ved Vivariet. ​

Dersom prosjektet lykkast med å utvikle den nye teknologien, vil mange fleire pasientar kunne overleve hjartestans, få kortare sjukehusopphald og mindre varige men. I tillegg vil løysinga bidra til å jamne ut den betydelege forskjellen i tenestetilbodet desse pasientane får avhengig av geografisk lokalisasjon. I neste fase av prosjektet vil lokale, regionale, nasjonale og internasjonale sjukehus med ekspertise innan hjartestans vere viktige samarbeidspartnarar.​

​​Prosjekteigar: Anette Storesund

Samarbeidspartnarar: Helse Bergen og Helse Stavanger

Tal frå OECD viser at pasientskadar på sjukehus bidrar til om lag 15 prosent av dei totale sjukehuskostnadene i OECD-land. Målretta førebyggande innsats for å redusere pasientskadar er derfor svært viktig. Studiar viser at det er mogleg å førebygge halvparten av dei kirurgiske komplikasjonane på sjukehus. Nokon tiltak er allereie sett i gang, til dømes bruk av sjekklister i klinisk praksis. Desse tiltaka har redusert komplikasjonar, re-operasjonar, kortare liggetid og nye innleggingar. 

For å betre den førebyggande innsatsen ytterlegare, skal prosjektet utvikle ein elektronisk algoritme basert på maskinlæring (statistiske metodar der datamaskinar finn mønstre i store datamengder), som vil kunne identifisere kva for pasientar som har høg sannsyn for å få komplikasjonar på sjukehus. ​​

Komplikasjonsdata med høg kvalitet vil både gje informasjon om kva for arbeidsprosessar ein kan forbetre, og kva for tiltak som har effekt. Verktøyet skal både nyttast for å målrette tiltak for å redusere komplikasjonar, og til å utvikle ein rapport som skal nyttast i samband med kodekvalitetsarbeid og korrekt registrering av komplikasjonar til NPR.

Prosjektleiar: Ingrid Kerstin Maria Blom

Samarbeidspartnarar: Helse Bergen, Helse Vest IKT, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna

eMeistring tilbyr rettleia internettbehandling for psykiske lidingar i spesialisthelsetenesta. Prosjektet «eMeistring - auka brukarvenlegheit for auka tilgjengelegheit» vil ta det største innovasjonsskrittet sidan internettbehandling først vart utvikla og tatt i bruk i Noreg. Ved skapinga av eMeistring for ti år sidan, tillét teknologien berre tekstbaserte behandlingar med avgrensa interaksjon mellom pasient og behandlar. Tilbakemeldingar frå pasientar tyder på at behandlinga er utdatert og vanskeleg å jobbe med. Det er no på tide å modernisera behandlinga i samsvar med ny teknologi, pedagogikk og kunnskap om kommunikasjon via pc, nettbrett eller mobil.

Målet med prosjektet er å gjere behandlinga meir brukarvennleg for fleire brukargrupper, også dei som har svake leseferdigheiter, norskkunnskapar eller ikkje er vant til tekstbaserte behandlingsmetodar. Prosjektet skal lage lydfiler, pedagogiske videoar og animasjonar, revidere tekstinnhald og auke graden av interaksjon i løysinga. Dette vil hjelpa pasientane til å nytta dei terapeutiske metodane aktivt. 

Prosjektet er leia av eMeistring i Helse Bergen, Bjørgvin DPS, og samarbeidar med eMeistrings-klinikkar i Helse Fonna, Helse Førde og Helse Stavanger. Andre samarbeidspartnarar er Helse Vest IKT og det interregionale kompetansenettverket for eMeistring der alle helseregionane er medlem.​

Prosjektleiar: Anne Cecilie Lian Lie

«Digitalt lærings- og mestringsprogram tilpassa kreftpasientar før, under og etter ikkje-kirurgisk behandling» er ein innovasjon utvikla med utgangspunkt i pasientbehov. Programmet er ei alternativ digital helseteneste, som har som mål å tilby kvalitetssikra informasjon gjennom kartlegging, avstandsoppfølging og eigen-meistring uansett kvar pasienten er. 

Dette er det første digitale programmet til kreftpasientar før, under og etter ikkje-kirurgisk behandling. Lærings- og mestringsprogrammet inneheld tverrfagleg pasientopplæring i CheckWare Helium. Programmet inneheld elleve modular som blir tilpassa ut frå behovet til pasienten. Modulane inneheld tekst, teikningar, video og kartleggingsskjema. Etter gjennomføring av modular får pasienten oppfølgingssamtalar med helsepersonell etter behov.

Hovudmålet for prosjektet er å bidra til auka fagleg kunnskap og å etablera eit digitalt lærings- og mestringsprogram tilpassa kreftpasientar før, under og etter ikkje-kirurgisk behandling og basert på den nye programvareversjonen CheckWare Helium.​

​​Prosjektleiar: Marthe Brurok Myklebost

Samarbeidspartnarar: Helse Bergen og Nidaros DPS/Sendet er eTerapi

Behovet for psykologisk behandling i befolkninga er aukande. Likevel er det eit gap mellom psykisk helsevern og dei andre helsetenestene. Prosjektet ønsker å nytta gapet mellom psykisk helsevern og andre helsetenester som eit handlingsrom for betring. I staden for at pasienten ventar på behandling, vil det nyttast eksisterande digitale ressursar til å gje evidensbaserte verktøy til pasienten, og på denne måten bygga ei digital bru i gapet. 

Sjølvhjelpsprogrammet “Hjelp deg selv”, er eit transdiagnostisk sjøvprogram som introduserer grunnleggande metodar i psykologisk behandling. Då innhaldet er transdiagnostisk er det relevant for alle milde til moderate psykiske plager, inkludert dei som kan oppstå for mange med somatiske plager. Programmet er basert på ei behandling utvikla og testa ved Karolinska Institutet, og er vidareutvikla av eMeistring i Helse Bergen. 

Prosjektet har som mål å vidareutvikla og digitalisera innhaldet i «Hjelp deg selv» for bruk på mobil og nettbrett, og å sikra at behandlinga blir tilboden alle pasientar som ventar på behandling, eller står i gapet mellom dei ulike helsetenestene. Prosjektet samarbeider med det Nasjonale prosjektet Digistart, Interregionalt kompetansenettverk for eMeistring, Læring og mestrings senteret og dei opphavlege utviklarane av «Hjelp deg selv».​

Helse Stavanger​

​Prosjektleiar: Dag Tveitnes

Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Bergen, Universitetet i Stavanger, Haugesund kommune (brukerrep), Stavanger kommune (fastlege) og Helse Vest IKT

Barn og ungdom med kroniske magesmerter og andre funksjonelle mage- og tarmplager (FGID) får ikkje optimal behandling i helsetenesta i dag. Sjølv om FGID er ufarleg, er dette ofte ein kronisk tilstand som reduserer livskvaliteten hos pasientane og pårørande. Barna har store plager og ofte høgt skulefråvær. Då symptoma til dels overlappar med alvorlege mage- og tarmsjukdommar, vil spesialisthelsetenesta si tradisjonelle utgreiingsprosess innebere mange unødvendige og ubehagelige undersøkingar for barna. Ventetida for tilbakemelding og oppfølging frå spesialisthelsetenesta er lang. 

Prosjektet har som mål å optimalisera behandlingstilbodet for barn og ungdom i alder 4-18 år i Sør-Rogaland. Gjennom å utvikle ein digital poliklinikk med rask og kvalitetssikker drift (24/7) er målet å redusere ventetida og forbetre behandling- og oppfølging av målgruppa. Tenesteinnovasjonsprosjektet vil lage nye prosedyrar for utgreiing og oppfølging av barna ved å utvikle:

  • ein digital poliklinikk
  • digitale kompetansepakker til primærhelsetenesta 
  • digitale spørjeskjema og kompetansepakkar til barna og deira føresette med individuelt tilpassa informasjon, råd og rettleiing, som vil gje auka mestring av plagene

​Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Stavanger, Helse Bergen, Universitetet i Stavanger, Stavanger kommune (fastleger), Haugesund kommune og Helse Vest IKT AS.​​​

Prosjektleiar: Aleksander Hagen Erga

Samarbeidspartnarar: Nasjonalt kompetansetjeneste for bevegelsesforstyrrelser, Helse Stavanger, Norges Parkinsons-forbund og Maastricht University Medical Center

​​Parkinsons sjukdom er den nest hyppigaste nevrodegenerative lidinga, og rundt 1,2 millionar europearar er ramma av sjukdommen. Med sjukdommen følg det ofte psykiske lidingar som ytterlegare reduserer livskvaliteten for pasientane og ei auka belastning for dei pårørande. Dagens behandling av dei psykiske lidingane for denne pasientgruppa består som oftast av medisinar, noko som gir risiko for biverknadar og har begrensa effekt. 

Kognitiv adferdsterapi er ein dokumentert effektiv, sikker og kostnadseffektiv behandlingsform for psykiske plager ved Parkinsons sjukdom, men er lite brukt på grunn av manglande tilgang til kvalifisert personell. Dette fører til store geografiske forskjellar i tilbodet om behandling ved psykiske lidingar for pasientane. 

​​Prosjektet vil utvikle ein innovativ desentralisert digital løysing og metodikk for å vurdere, følgje opp og behandle (kognitiv adferdsterapi) psykiske vanskar hos personar med Parkinsons sjukdom. Prosjektet vil nytta eksisterande digitale løysingar for å auke tilgangen og kvaliteten på behandlinga i Helse Vest. Prosjektgruppa er tverrfagleg og består av brukarar, forskarar og klinikarar med lang erfaring innan Parkinsons sjukdom, kognitiv adferdsterapi og gjennomføring av FoU-prosjekt. Målet er å lage ein ny  behandlingsmodell som aukar tilgjengelegheita til denne evidensbaserte behandlinga, og sikrar like behandlingstilbod for parkinson-pasientar med psykiske vanskar uansett bustad i Helse Vest-regionen.​​​

​Prosjektleiar: Hanne Marit Bjørgaas

Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Stavanger kommune

Barn og unge med utviklingsforstyrringar og psykiske vanskar fell ofte utanfor på skule, fritid og i vennerelasjonar. Ofte fell dei også mellom stolar i helsetenesta, og opplever seg som kasteballar mellom tenestenivå. Eksisterande kartleggingsverktøy er lite tilpassa målgruppa, og det er behov for eit heilskapleg kartleggingsverktøy med visuell (bilde) og auditiv (lyd) støtte som er tilpassa barn og unge med kognitive vanskar. 

Prosjektet skal lage «Dette er viktig for meg!», eit digitalt verktøy for å gjere barn og unge i målgruppa i stand til å ta del i avgjersler knytt til eiga helse i eit heilskapleg og saumlaust tenestetilbod. Det nye kartleggingsverktøyet skal vere basert på F-words modellen; Family, Fun, Friends, Future Function og Fitness, som er utvikla av Canchild. Prosjektet har mellom anna eit samarbeid med Helse Fonna, som har utvikla eit digitalt kartleggingsverktøy, iSpe, som nyttar filmsnuttar og audiovisuell støtte tilpassa same målgruppe. Saman med brukarar vil prosjektet sikre at innhald og spørsmål i kartleggingsverktøyet blir formidla slik at barnet/ungdommen/ familien kan nytta verktøyet til å navigere gjennom tenestesystemet med fokus på det dei sjølv meiner er viktig.​

Prosjektleiar: Martin Kurz

Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Bergen, Sørlandet sykehus, Kristiansand

AHUS, RESQ Biometrics AS/SimulaMet og Brukerorganisasjon

Nevrologiske sjukdommar er ei av dei fremste årsakene til funksjonsnedsetting, der hjerneslag gir flest dødsfall og uførleik. Dersom hjerneslagsymptom blir tidleg oppdaga og pasientane får rask behandling, er prognosane for pasientane gode. Det er eit nasjonalt mål at minst 50 prosent av pasientane skal kontakte AMK innan 15 minutt frå symptomdebut. I Helse Vest varsla 21 prosent av pasientane AMK innan 15 minutt (2018-2020). Tida i dei ulike fasane av behandlinga er avgjerande, då 1,9 millionar nevron går tapt kvart minutt i akutt fase. 

I samarbeid med ResQ Biometrics AS vil prosjektet ved hjelp av kunstig intelligens utvikle ein algoritme for å identifisere sentral facialsparese, som er eit av hovudsymptoma for hjerneslag. Målet er å trene algoritmen slik at den blir svært nøyaktig og kan varsle tidleg om hjerneslagsymptom. Dersom prosjektet lykkast med å lage algoritmen vil denne kunne installerast i til dømes mobiltelefonar, nettbrett eller pc med kamera, og automatisk varsle om hjerneslagsymptom. Algoritmen vil også kunne knytast til automatisk varsling til AMK, gjennom alarmfunksjonar. Dette er særleg relevant for hjerneslagpasientar, der 45 prosent får språk-/taleproblem (som afasi og dysatri). 

For å oppnå høg grad av gjenkjenning (99,5 prosent), må det inkluderast eit stort tal pasientar og nyttast kunstige data. Prosjektet blir derfor gjennomført i samarbeid med fleire sjukehus, som Sørlandet, AHUS, Ullevål og Haukeland.​

​​Prosjektleiar: Synnøve Olset

Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Vest IKT, NTNU, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge psykisk helse og barnevern (RKBU) Midt-Norge

Pilot SYNDATA er eit innovasjonsprosjekt som skal utforske korleis syntetiske data kan nyttast for å sikre trygg bruk av kunstig intelligens i helsesektoren. Helsedata skal i større grad delast for å utvikle betre helsetenester og er ein viktig ressurs for å styrkje rusbehandling og psykisk helsevern. Forsking på bruk av kunstig intelligens innan psykisk helse viser at teknologien kan nyttast til å identifisere sjukdom tidleg og gje betre kunnskap om sjukdomsprogresjon, optimalisere medisinering og behandling. 

Målet for Pilot SYNDATA er todelt: 

  1. utvikle og validere syntetiske data innan psykisk helsevern.
  2. nytte syntetiske data i behandling og oppfølging av ADHD-pasientar ved klinikk psykiske helse barn, unge og rushavhengige (PHBURA), dersom ein lukkast.

​Dersom prosjektet klarar å utvikle syntetiske data med dei same eigenskapane som dei originale datasetta, vil ein kunne nytta dette til å utvikle algoritmar og/eller testdata som i utgangspunktet betraktast som sensitive data. Dersom løysinga held høg kvalitet kan den vidareutviklast og implementerast i andre helseføretak regionalt og nasjonalt.​​

​Helse Fonna​​

Pros​​​jektleiar: Arvid Rongve​

Samarbeidspartnarar: Helse Fonna, Helse Stavanger, Karmøy kommune, ATEA 

Webstep, (næringslivspartere), Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen​​​​​

​​​I Noreg lever meir enn 100 000 persona med demens, og talet vil auke til det dobbelte innan 20 år. I fjor vart eit nytt legemiddel, Aducanumab, som ein håper vil bremsa utviklinga ved Alzheimers sjukdom, registrert for bruk i USA. Godkjenninga er svært omstridt og Aducanumab er ikkje tilgjengelig i Noreg eller i EU. 

I Noreg er det berre éin klinisk legemiddelstudie, ANeED-studien, som er tilgjengeleg for personar som lever med demens med lewylegemer. Målet med ANeED-studien er å tilby utprøvande behandling til personar med kognitiv svikt og demens. I studien skal ein utvikle ein digital applikasjon for å optimalisera legemiddelrekneskap- og rapportering av biverknader i samarbeid med ATEA, Dele Health Tech og Apple i Noreg. Hovudmålet i dette innovasjonsprosjektet er å utvikle eit godt brukargrensesnitt for applikasjonen basert på brukarerfaringar i samarbeid med brukarar i Eldremedisinsk forskingsgruppe og brukarar i Wiseage. Prosjektet samarbeider med Webstep om å lage applikasjonen. 

Til saman vil data frå appen og smarttelefonen til både deltakarar i studien, deira pårørande og helsepersonell gje eit sikrare legemiddelrekneskap, og meir kunnskap og data om biverknader. Dersom prosjektet lykkast med eit høveleg brukargrensesnitt er målet at app'en integrerast med Viedoc, som er ein plattform for dei fleste legemiddelstudiar i Norden. Då vil både app og database kunne nyttast i nye framtidige kliniske legemiddelstudiar ved kognitiv svikt og demens. Løysinga har eit kommersielt potensial.​

Helse Førde

Prosjektleiar: C​hristian Moltu​

Helsetenestene investerer svært mykje ressursar i å møte menneske fysisk. Ein vesentleg del av desse kan ha meir nytte av andre og meir framtidsretta oppfølgingsflater. Av 2,1 millionar pasientkontaktar i Helse Vest i 2019 var om lag 20% regis​trert som kontrollar. Det er ei uttalt satsing å flytte timekontaktar frå fysiske møter til digitale konsultasjonar.​

Helse Førde har utvikla og implementert eit innovativt system for persontilpassa datainns​​amling (PROMs) frå pasientar til behandlarar. I samarbeid med Norse feedback skal det utviklast ein universell modul som kan levere persontilpassa innhald frå helsetenesta tilbake til pasienten. I løysinga vil dei spesialiserte fagmiljøa kunne analysere pasientrapporterte data automatisk og i tråd med beste evidens for å persontilpasse innhald tilbake til pasientane.

Innovasjonen vil gjere at ressurskrevjande manuelle prosessar som gjentakast av behand​​larar over fleire konsultasjonar kan automatiserast og leverast direkte til pasienten digitalt. Løysinga er ein digital teneste som vil auke tilgjengelegheita i tenestetilboda, redusere variasjon og gje betre pasientforløp, særleg for kroniske og multisjuke pasientar.​

Løysinga for datastraumen frå pasienten til helsetenesta er allereie utvikla. Løysinga for persontilpassa og datadrive innhald frå tenesta tilbake til pasienten, som dette prosjektet søkjer midlar til, kompletterer økosystemet for ei fullverdig digital behandlingskjede.​

Idéoverføring​​​

Prosjektle​​iar: Leif Arvid Øvernes

Br​ukerane si erfaring med og oppleving av helsetenesta er ei verdfull kjelde til kunnskap som kan nyttast til å betre kvaliteten på behandlingstilbodet. Pasientrapporterte data er opplysningar som pasienten sjølv rapporterer om sin oppleving knytt til helse og sjukdom, eller med sin tilfredsheit med behandling og møte med helsetenesta. 

Ved Lovisenberg Diakonale Sykehus har ein utvikla ein modell for å systematisk samle inn​​ PREM («Patient Reported Experience Measures» - pasienten si oppleving og tilfredsheit med tenesta) og PROM («Patient Reported Outcome Measures» - pasienten si oppleving av helse og behandlingseffektar) for å måle kvalitet og utbytte av behandlinga og  i psykisk helsevern. Solli DPS skal ved hjelp av ideoverføringsmidlar teste ut denne modellen i eigen organisasjon og pasientpopulasjon. Lovisenberg-modellen («LOVePROM») består av både ein automatisert og DIPS-integrert teknisk infrastruktur, løysning for lokale kvalitetsregister, skreddarsydde kliniske rapportar og ein definert prosess. 

LOVePROM-samarbeidet deler erfaringar, verktøy, tekstar, rapportar, dashbord ol. for å hjelpe andre helseføretak i gang med systematisk evaluering av behandlingseffekt. Dei har mellom anna utvikla ein integrasjon mellom CheckWare og DIPS som automatiserer registr​​ering av nye pasientar, noko som elles ville vore manuelt arbeid. Løysninga treff svært godt Solli DPS sine behov og visjon og vil spare betydelege fagutviklingsressursar og bidra til å bygga opp om ei felles nasjonal plattform for å måle behandlingsutbytte og kvalitet i psykisk helsevern.Prosjektgruppa samarbeider med Voss DPS om å ta løysinga i bruk, og skal pilotere løysninga for Helse Bergen. 

Prosjektleiar: Benedikt Römer

Depresjon hos eldre er ei samansett psykisk liding. Lidinga er ikkje berre ei stor belastning for pasientane, men er og assosiert med auka risiko for å utvikle somatiske s​jukdom og demens. Depressive restsymptom hos eldre gjer høgare funksjonsnedsetjing samanlikna med yngre. Ved alvorleg eller behandlingsresistent tilstandar er elektrokonvulsiv terapi ofte nødvendig, men fleire faktorar som anestesirisiko, kognitive biverknader, fare for forvirringstilstand eller stigma knytt til behandlinga.

DPS Nordre Østfold har nylig etablert behandling med intravenøs ketamin mot depresjon. Behandling med subanestetiske dosar av anestesimedisin ketamin syner god effekt, medan biverknadsprofilet og sikkerheitsprofilet er gunstig. Allereie i 2000 vart det funne raske antidepressive effektar frå behandlinga og dei siste åra har behandlinga vekt stor vitskapeleg og klinisk interesse. I 2020 godkjente statens legemiddelverket ketamin som nasespray for behandling av depresjon, men effekten hos eldre er avgrensa. Helse Stavanger ønsker no å adoptere metoden frå DPS Nordre Østfold og teste eit nytt behandlingstilbod med intravenøs ketamin på alderpsykiatrisk sengepost. 


Sist oppdatert 09.08.2022