Hopp til innhold
logo

Utlysing av midlar til innovasjon

Helse Vest RHF lyser ut inntil 16 millionar kroner til innovasjonsprosjekt i 2022. Fristen for å søke om midlar til innovasjonsprosjekt var 7. oktober 2022.

Hender og ei lyspære, grafikk
Du kan søkje innovasjonsmidlar i to prosjektkategoriar:​ «nye innovasjonsprosjekt» og «idéoverføring​».
Det er viktig å sikre strategisk og god leiarforankring i prosjektet, då dette aukar sannsynet for at vellukka innovasjonsprosjekt også blir tekne i bruk i organisasjonen.
Vi oppmodar alle om å lese føringane og vurderingskriteria nøye.​
Søk innovasjonsmidler i Helse Vest from Helse Vest RHF on Vimeo.

Helse2035, strategien til Helse Vest, og Nasjonal helse og sjukehusplan 2020-2023 ligg til grunn for dei prioriterte satsingsområda i utlysinga for 2022. Helse Vest RHF vil særleg prioritere prosjektsøknadar som​ omhandlar eitt eller fleire av desse satsingsområda (gjeld ikkje for produktinnovasjon):

Helse Vest vil derfor prioritere prosjekt som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av ei meir optimal organisering, ressursbruk og/elle​r som reduserer behovet for vekst i helsepersonell, og gjerne med potensial for regional skalering.

  • ​Pasientar og pårørande si helsekompetanse og medverknad
    Prosjekt som involverer pasient og pårørande som aktive deltakarar i utforminga av eigen helsehjelp, aukar helsekompetansen og deira føresetnadar for eigen mestring.
  • Nye arbeidsformer, betre bruk av teknologi og meir brukarstyring
    Prosjekt som utviklar eller gjør bruk av nye arbeidsformer, betre bruk av teknologi og støtter meir brukarstyring. I denne kategorien er prosjekt knytt til heilskaplege modellar for digitale helsetenester, gjerne i samarbeid med kommunal helseteneste, særleg relevante.
  • ​Eitt helsevesen
    Prosjektet sørgjer for nye og betre samhandlingsformer mellom føretak, kommune og/eller brukarar av helsetenester.
  • ​Redusere uønskt variasjon
    Prosjektet bidreg til å redusere uønskt variasjon i kvalitet og tilgjengelegheit i tenestetilbodet.

Prosjekta/tiltaka kan vere nye eller allereie i gang.

Prioriterte pasientgrupper​​

Helse Vest er særleg oppteke av søknadar som treff psykiske lidingar og rus, og barn og unge, i tillegg til kronikarar, multisjuke og skrøpelege eldre.

I tillegg vil Helse Vest leggje vekt på prosjekt:

  • som har samarbeid med fleire helseføretak i regionen, der dette er relevant
  • som har samarbeid med kommunar, der dette er relevant

Dersom de har planar om å søke finansiering frå andre finansieringskjelder, vil dette kunne styrkje søknaden. 

Produktutvikling med eit kommersielt potensial

For innovasjonar knytte til produktutvikling med eit kommersielt potensial er det ingen tematiske føringar eller prioriterte pasientgrupper.​​​​​​

Det blir lyst ut midlar i to søknadskategoriar:

​​Prosjektkategoriar
​Type stønad​Innovasjon - nye prosjekt ved eige helseføretak​Idéoverføring mellom helseføretak
​Maks stønad frå
Helse Vest RHF
​Inntil 1,2 millionar kroner​Inntil 400 000 kroner
​Prosjektperiode​Inntil 24 månader​Inntil 18 månader
  1. ​Nye ​prosjekt ved eige helseføretak

    Prosjekt som skal gjennomførast for første gang og ved eige helseføretak (prosjekteigar). Det kan søkjast om midlar til realisering av nye idéar eller prosjekt som har starta opp. Det er mogleg å søkje om stønad til både små og store prosjekt. Maks stønad frå Helse Vest RHF er 1,2 millionar kroner i denne kategorien.

    Dersom prosjektet er i ein tidleg fase kan det vere tenleg å søkje om eit mindre stønadsbeløp (gjeld også for produktinnovasjon). For å kvalifisere til maks stønad i denne kategorien må det vere samarbeid mellom minst to helseføretak i Helse Vest (gjeld ikkje for produktinnovasjon).​

    Mal for prosjektskisse - nye innovasjonsprosjekt (PDF)

  2. Idéoverføring mellom helseføretak

    Det kan søkjast om prosjektmidlar til å adoptere gode innovasjonsløysingar som har vist seg å vere vellykka i andre sjukehus/helseføretak, anten i Helse Vest-regionen eller nasjonalt/internasjonalt.

    Dette er eit verkemiddel som skal stimulere til å spreie gode innovasjonar/løsyingar som allereie er tekne i bruk i helsetenesta. I søknaden er det viktig å gjere greie for kvifor de vil adoptere akkurat denne løysinga, kva for gevinstar de forventar, og korleis de vil samarbeide med organisasjonen de skal adoptere løysinga ifrå. Maks stønad frå Helse Vest RHF er 400 000 kroner i denne kategorien.

    Mal for prosjektskisse - idéoverføring (PDF)

Strategisk forankring​​ og eigendel

Det er viktig at prosjekta har god strategisk forankring i sjukehuset/føretaket for å auke  sannsynet for at løysinga bl​ir teken i bruk, om innovasjonsprosjektet er vellykka. Derfor er det obligatorisk med minimum 20 prosent eigendel frå prosjekteigar/partnarar, av dei totale kostnadane i prosjektet.

Det vil seie at dersom de søkjer Helse Vest om 1,2 millionar kroner, vil minimum eigendel (gjerne so​​m eigeninnsats i form av frikjøp av personalressursar) frå prosjektgruppa, vere 300 000 kroner. For idéoverføring er tilsvarande beløp minimum 100 000 kroner om de søkjer Helse Vest om 400 000 kroner i stønad.

Søknadane vil bli vurderte ut frå følgjande kriterium (sjå prosjektmalar for ei nærmare skildring av vurderingskriteria​ – les desse nøye før de planlegg prosjektsøknaden):

Nye prosjekt ved eige helseføretak

  1. Relevans for satsingsområda (10 prosent)
  2. Kvalitet (innovasjonshøgde, innovasjonsmetodikk og kunnskapsbehov (30 prosent)
  3. Gevinstar for pasientane, tenesta, samfunnet og plan for å realisere gevinstane (30 prosent)
  4. Gjennomføring av prosjektet (30 prosent)

Idéoverføring – vurderingskriterium

  1. Relevans for satsingsområda (10 prosent)
  2. Innovasjonshøgde og kunnskapsbehov (30 prosent)
  3. Gjennomføring av prosjektet (30 prosent)
  4. Gevinstar og nytte for pasientane og helsetenesta (30 prosent)

Det vil bli nytta ein ska​la frå 1 – 6 for dei fire kriteria. Det blir sett ein samla karakter for søknaden.

Søknadane vil behandla av ein regional komité der rundt 50 prosent er eksterne evaluatorar og 50 prosent er interne. I tillegg vil brukarrepresentant og konserntillitsvalde delta i kom​itéen.

Leiarmøtet i Helse Vest RHF vil avgjere den endelege fordelinga på bakgrunn av komitéen sitt arbeid. Ved tildeli​ng vil det bli lagd vekt på å oppnå ei spreiing av prosjekt i ulike delar av regionen og innanfor dei ulike satsingsområda.

Prosjektleiar må ha si hovudstilling i eit helseføretak i Helse Vest eller ved ein privat ideell institusjon/sjukehus som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Søknaden må fremjast gjennom institusjonen som har høve til å søke.

Prosjekt som allereie har motteke stønad frå innovasjonsutlysing i Helse Vest, kan søkje om midlar dersom dette inneber ei vesentleg vidareutvikling av prosjektet. Om de tidlegare har motteke midlar til same prosjekt, skal dette gjerast greie for i søknaden.​

Det er obligatorisk med ein eigendel på minimum 20 prosent frå prosjekteigar/deltakarane av det totale budsjett​et for prosjektet. Det er ein føresetnad at søknaden er godkjent av budsjettansvarleg ved prosjekteigar si klinikk/avdeling for å sikre finansiering ​​og garanti for totalbudsjettet. Søknaden skal godkjennast av leiar/klinikkdirektør i søknadsportalen eSøknad.

Det blir automatisk sendt ein generert e-post til forankringsansvarleg i føretaket, som skal godkjenne søknad og budsjett. Mer​​k at søknaden ikkje blir rekna som fullført før det føreligg ei stadfesting på at forankring er motteke av Helse Vest RHF. Frist for forankring er satt til éi veke etter søknadsfrist.

Kva kan støttast?​​​​​​

Personalrelaterte kostnadar, kjøp av tenester og/eller utstyr og driftskostnader kan støttast. Investeringar til utstyr ​​kan berre utgjere 30 prosent av kostnadane. Søknadsbeløpet skal spesifiserast i budsjettmodulen i eSøknad. Budsjettet skal samsvare med definerte milepålar, aktivitetar og innhald.

Finansieringsplanen skal opplyse om direkt​e kostnadar knytte til aktivitetane som ein søkjer støtte til, eigeninnsats (timetal x timesats), anna finansiering og søkt beløp frå Helse Vest RHF. Totalsummen for kostnadane skal vere lik totalsummen i finansieringsplanen.

Dersom ein samarbeider med kommunar, næringsliv, akademia eller forskingsinstitutt er det ein føresetnad at desse partane også bidreg med eigne ressursar i prosjektet, i tillegg til at inntil 20 prosent av stønaden frå Helse Vest kan nytt​​ast til dei eksterne aktørane. Samarbeidet skal skildrast i søknaden. Vi anbefaler at de lagar ein samarbeidskontrakt som gjer greie for dei rollene til dei ulike aktørane, oppgåver, kompetanse og rettar i prosjektet.

Det skal gjerast greie for i kva grad brukarar (pasientar, pårørande, helsepersonell) er involvert i planlegging​​, gjennomføring, formidling og/eller evaluering av prosjektet. Om det ikkje er brukarmedverknad i prosjektet, skal det gjerast greie for kvifor dette er fråverande.

Veileder for brukermedvirkning i helseforskning i spesialisthelsetjenesten (mai 2018) kan og nyttast i utvikling og gjennomføring av innovasjonsprosjekt.

​Dersom det skal innførast eller utviklast nye IKT-løysningar i eit prosjekt, bør søkjarar innhente vurderingar om korleis løysingane skal kunne verke i samanheng med eksisterande infrastr​uktur i Helse Vest. Ta først kontakt med lokalt arkitekturansvarleg i føretaket, før du eventuelt kontaktar Helse Vest IKT. Helse Vest IKT kan vere éin av samarbeidspartnarane i prosjektet. Dette må avklarast med Helse Vest IKT i forkant av søknaden.

​Dersom løysinga i prosjektet inneheld bruk av digitale løysingar/skjema, bør dette avklarast med loka​lt EPJ*-senter for å sikre at du vel ei løysing som eignar seg for akkurat ditt prosjekt. EPJ*-senteret kan ved behov drøfte saka med skjemagruppa for digitale kliniske skjema i Helse Vest IKT.​​​


* EPJ = Elektronisk pasientjournal​

Søkjaren har sjølv ansvar​​ for at innsendt søknad er fullstendig og i tråd med søknadskriteria, i tillegg til at søknadsskjemaet er korrekt fylt ut og at obligatoriske vedlegg er lasta opp.

Ein ufullstendig​ søknad, eller ein søknad som ikkje overheld formatkrava, vil bli avvist. Dersom det blir søkt om meir enn maksimalt støttebeløp frå Helse Vest vil søknaden bli avvist.

Følgjande obligatoriske​​ dokument skal leverast inn:

​Ta kontakt med innovasjonsrådgivarane ved helseføretaka dersom du ønskjer malane i Wo​rd-format​​.

​​Prosjektskisse må konverterast til PDF-format og lastast opp som eigne filar i eSøknad. Følgjand​e formatkrav gjeld: A4-side, minimum 2 cm margar, enkel linjeavstand, Arial eller Times New Roman 12 punkt.

Det er berre desse do​kumenta som skal lastast opp. Ytterlegare vedlegg blir ikkje vurderte.

Spørsmål?​​​​​​​​

Eventuelle spørsmål kan rettast til: innovasjonsmidler@helse-vest.no

Alter​​nativt ta kontakt med følgjande kontaktpersonar i Helse Vest RHF:

Lena Forgaard
ansvarleg for innovasjon i Helse Vest RHF
lena.forgaard@helse-vest.no

Nejla Karahasan
rådgivar i Helse Vest RHF
nejla.karahasan@helse-vest.no

Bjarte Wetteland
avdelingsleiar i IKT og bygg, Sykehusinnkjøp HF
bjarte.wetteland@helse-vest-innkjop.no​

Helse Vest IKT​
innovasjonssamarbeid-HVIKT@helse-vest-ikt.no​

Innovasjonsprosjekt som ​​​har​​​ fått støtte​​​​

Dette kan vere til inspirasjon eller moglege​ samarbeidspartnar i ditt prosjekt.

Tidlegare tildelte prosjekt i Helse Vest

Prosjekt som har fått støtt​e i dei andre helseregionane

Sjå tidlegare tildelte prosjekt i Helse Nord

Sjå tidlegare tildelte prosjekt i Helse Midt-Norge

Sjå tidlegare tildelte prosjekt i Helse Sør-Øst

​​​

Sist oppdatert 24.04.2023
Fann du det du leita etter?