Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Pleier i smittevernutstyr. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.

Til bruk for medarbeidarar i sjukehusa

Kommunikasjon og smittevernutstyr

Denne sida er ein samlingsstad for ulike ressursar til bruk og hjelp i kommunikasjonsarbeid om bruk av smittevern i sjukehusa og helseføretaka. Innhald tenkt for deg som er medarbeidar og bruker smittevernutstyr, som jobbar særleg med smittevern, som er leiar, som arbeider spesielt med kommunikasjon eller som er generelt interessert i smittevernutstyr.

Innanfor kvar av dei ulike kategoriane under finn du ulike ressursar som du kan bruke. Noko av det du finn her har andre laga, og vi berre legg til rette og formidlar det vidare. Andre ting har vi laga sjølve. Alt saman til din disposisjon. Alt saman kvalitetssikra av fagfolk som kan mykje om smittevern.

NB! Det du finn på denne sida, erstattar ikkje kursa i Læringsportalen. Så er du medarbeidar i eit av helseføretaka i Helse Vest, skal du ta kursa om smittevern i Læringsportalen. Då får du også dokumentert at du har gjort det. Her lenkjer vi til kursa i Læringsportalen der det er relevant. Kursa krev at du loggar deg på med brukarnamn og passord, men du kan ta dei uavhengig av om du er på jobb-PC eller ikkje.

Sida blir fortløpande utvikla og utvida med nye ressursar.

 

Gode råd frå smittevernrådgivarane i Helse Bergen. Les kva utstyr vi skal bruke kor, når og kvifor.

Informasjonssak (Helse Bergen)

Råd om korleis du bruker smittevernutstyr på riktig måte og til rett tid.

Råd frå Folkehelseinstituttet (FHI)Rettleiar frå Helsedirektoratet

 

Slik brukar du utstyret

Kurs i påkledning og avkledning frå Læringsportalen

Utvida dråpesmitteregime ved koronasmitta pasient

Smittevernrutinar ved covid-19

 

Foreslå eit tiltak eller send inn dine spørsmål

Sist oppdatert 01.10.2021