Hopp til innhold
logo

Kvalitets- og registerkonferansen

Program for pasienttryggleik arrangerer årleg ein Kvalitet- og registerkonferanse. Dette er ein viktig møteplass for alle dei som arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring i Helse Vest.

Grafikk og bilder. Tekst: Kvalitets- og registerkonferansen


Alt om konferansen​​ i Haugesund 10. og 11. mai 2023

​Tema: Kloke val. Program kjem - følg med!

Som del av Kvalitetskonferansen blir det delt ut ein kvalitetspris​. Prisen er på 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisen går til ein eller fleire personar som gjennom forskingsarbeidet sitt har bidratt til å heve kvaliteten eller pasienttryggleiken på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.

Arbeidet bør støtte opp under Program for pasienttryggleik i Helse Vest. Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er òg aktuelle.


Medarbeidarar eller leiarar i Helse Vest som har gjennomført eit forbetringsprosjekt, kan dele erfaringane sine med andre ved å stille ut ein poster under konferansen.

Beste poster blir premiert med deltakaravgift til konferansen "International Forum on Quality & Safety in Healthcare". Reise og opphald må betalast sjølv.

Det er deltakerane på konferansen som bestemmer kva poster som er den beste. Vinnaren blir annonsert på konferansen.

Meld inn posteren din til elisabeth.huseby@helse-vest.no. Merk e-posten med «Kvalitetsposter» Bruk gjerne Program for pasienttryggleik sin postermal.

Poster-mal (liggjande)

Poster-mal (ståande)

Du trykkjer posteren din sjølv og tar den med på konferansen. Der vil det vere eit eige lokale for framvising av posterar.​​​

Tidlegare vinnarar av Kvalitetsprisen

  • 2007: Anne Grimstvedt Kvalvik

    Anne Grimstvedt Kvalvik var den første til å få Kvalitetsprisen i Helse Vest. Prisen fekk ho for å gi leddgiktpasientar betre behandling.

  • 2008: Jan Erik Varhaug og Kjell-Morten Myhr

    Jan Erik Varhaug fekk Kvalitetsprisen for si forsking på skjoldbruskkjertel- og brystkreftkirurgi. Kjell Morten Myhr fekk prisen på vegner av Nasjonalt kompetansesenter for MS.

  • 2010: Christian von Plessen

    Overlege PhD Christian von Plessen fekk prisen for sitt arbeid for kvalitetsforbetring gjennom fleire år ved lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.

Sist oppdatert 25.04.2023
Fann du det du leita etter?