logo

Forbetringsutdanninga i Helse Vest - eit tilbod for alle tilsette

I år deltek 75 tilsette frå alle føretaka i Helse Vest i den regionale forbetringsutdanninga. Der lærer dei korleis dei tek til med, leier og gjennomfører eit forbetringsprosjekt. Prosjekta skal gjera det endå betre for pasientar, pårørande og tilsette.

Publisert 01.11.2021
Deltakar på forbetringsutdanninga. Sitter rundt et bord. Foto.

​Helsetenesta er kompleks. Ei rekkje fagfolk er involvert når ein pasient får hjelp i spesialisthelsetenesta. Me veit at uønskte hendingar skjer, fordi kvaliteten på tenestene og arbeidsprosessane ikkje alltid er gode nok. Me har eit stort p​​​​​​​otensial for å bli betre.

Difor vart Regional forbetringsutdanning starta i 2018 av Program for pasienttryggleik. Ved å delta på forbetringsutdanninga får ein opplæring i såkalla forbetringsmetodikk. Metodikken er eit verktøy for alle medarbeidarar i sjukehusa for å setje i gong tiltak når tilbodet ikkje fungerer godt nok. Metoden er like aktuell både for etablerte arbeidsprosessar som nye rutinar.

No er femte kull godt i gang med utdanninga, og sist veke møttes dei til samling i Bergen.

– Me har 75 deltakarar i år, fordelt på alle føretaka våre. Dei jobbar til vanleg som sjukepleiarar, fysioterapeutar, helsefagarbeidarar, legar, ergoterapeutar, konsulentar og avdelingsleiarar for å nemna noko,  fortel fungerande prosjektleiar Charlotta Schaefer i Helse Vest.

Til det beste for pasientar og tilsette​

Målet med utdanninga er å setje kvar og ein, uavhengig av arbeidsoppgåver, i stand til å starte, leie og gjennomføre forbetringsprosjekt, som gjev varig betring av tenestene til det beste for pasientar, pårørande og tilsette. Siri Leidland Dalsrud jobbar i inntektsteamet til Helse Vest og er ein av årets deltakarar:

– Eg har lært nye og nyttige måtar å jobba på. Men i tillegg har eg fått eit innblikk i kva tilsette som ikkje jobbar i RHF- et jobbar med og kva dei ynskjer å forbetra. Blant dei 31 000 tilsette så er det mange som jobbar med de same utfordringane ​i kvardagen som til dømes PLL (pasientens legemiddelliste), pasientar som ikkje møter til timar eller for dårleg dokumentasjon ut til primærhelsetenesta frå spesialisthelsetenesta. Det er gjevande og meiningsfullt å jobbe med prosjekt som er til det beste for pasienten og som samtidig er ein del av oppdragsdokumentet som de regionale foretaka er pålagt frå Helse – og omsorgsdepartementet.​​

Meistring og samhald​​​

Anne Sætre er klinisk ernæringsfysiolog og arbeider i Helse Fo​​​​​nna som rådgjevar for kvalitet og pasientsikkerheit. Sætre var deltakar i det andre kullet av utdanninga og ho anbefaler den varmt til andre:​​

– Forbetringsarbeid gir meistring, betre kommunikasjon og godt samhald der vi kan spele kvarandre gode. Utdanninga er praktisk retta og gir mange gode verktøy som ein kan ta i bruk i arbeidshvardagen. Det er ei god mogelegheit til å utfordra seg sjølv, gå ut av komfortsonen og sjå at endring gir resultat.

Kvalitet betyr at tenestene har effekt, er trygge, er samordna og prega av kvalitet, involverer brukarane og gjev dei ei mogelegheit til å påverke.

– Pasientane må ta det for gitt at vi har system som sikrar kvalitet og kunnskapsbasert praksis til alle – og at kvalitet gjennomsyrer all drift og aktivitet i helseføretaket. Pasientane forventar ein jamn og tilstrekkeleg høg standard på tilbodet, uansett tid på døgnet og året. Dette må me vere sikre på at me faktisk har, og difor er denne utdannninga, på tvers av alle tilsette, eit viktig bidrag, seier Charlotta Schaefer.

Kvalitetspris etter forbetringsut​​​​​danning

​I 2020 fekk Haraldsplass Diakonale Sykehus kvalitetsprisen i Helse Vest for å ha gjennomført eit stort forbetringsarbeid knytt til uønskte hendingar i samband med legemiddelhandtering. Prisen vann dei etter at sjukepleiar Inger Lise Dahl deltok på utdanninga.

– ​Hennar forbetringsprosjekt handla mellom anna om å ta i bruk mobile legemiddeltraller med legemiddelskuff og eindosepakka legemiddel. Det førte til ein reduksjon av legemiddelrelaterte uønskte hendingar på dei medisinske avdelingane på sjukehuset med heile 42 prosent sidan 2015, fortel Schaefer.

​Er du tilsett i Helse Vest og interessert? Slik​​​​ melder du deg på:

  • ​Utdanninga vert gjennomført gong i året. Neste oppstart er hausten 2022.  

  • Søknadsprosessen er frå mars –​ april 2022 og vert offentleggjort på intranett-sidene til sjukehusa.  

  • Alle søkarar må ha eit forbedringsprosjekt frå si eiga avdeling. Tema kan til dømes vere å forbedre rutinar av legemiddelhandtering, redusere kateterbruk eller helsetenesteindusert infeksjonar. Eit tips er å sjå på data frå avdelinga for å finne forbetringsområde – kva seier Synergi-meldingar,  Dips-uttrekk og aktivitetsrapportar?