Forskingsmidlar frå NORM
Norsk overvåkingssystem for antibiotikaresistens hos mikrober (NORM) lyser ut midlar til forsking med følgjande formål:
- kartleggje resistens mot antimikrobielle middel i mikrober
- fremme kunnskap om årsakar til resistensutvikling i mikrober
- fremme kvaliteten på førebyggjande tiltak mot utvikling og utbreiing av resistens
Søknadsfrist 1. oktober kvart år
NORM er eit nasjonalt helseregister med sekretariat ved Universitetssykehuset Nord-Norge. Prosjektstøtte føreset mellombels ikkje at det blir nytta data frå NORM-registeret. Søknadar om forskingsmidlar vil bli behandla av Fagrådet i NORM.
Støtta til enkeltprosjekt vil normalt vere avgrensa oppad til 50 000 kroner. NORM-midlar kan ikkje brukast til å dekkje administrasjonsutgifter på institusjonsnivå (overhead). Det kan søkjast om midlar til reagenser, forbruksmateriell, timeløn til assistent (for eksempel bioingeniør), presentasjon av aktuelle studiar på møte og kongressar, hospitering og løn for arbeid i eiget prosjekt (sistnemnde må grunngivast særskilt).
Fagrådet vil spesielt stimulere til samarbeid på tvers av spesialitetar og fagmiljø og til forsking i kliniske avdelingar og i allmennpraksis. Fagrådet vil også prioritere forsking på bruk av antibiotika og førebyggjande tiltak mot resistens, i tillegg til forskingsprosjekt i mindre fagmiljø i ulike deler av landet.
Kontaktinformasjon og søknadsskjema
Eige søknadsskjema for forskingsmidlar frå NORM må nyttast.