Hopp til innhold
logo

Sjukehus-Norge har vedteke felles miljømål

Dei fire administrerande direktørane i Helse Midt-Norge, Helse Vest, Helse Sør-Øst og Helse Nord har samla seg om felles mål for kutt av CO2- utslepp. 

Publisert 03.11.2021
Sist oppdatert 28.02.2022
Grønt blad og hans som held i det. Foto.

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, ifølge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen me står framfor. Måndag 25. oktober vedtok dei fire administrerande direktørane i Helse Midt-Norge, Helse Vest, Helse Sør-Øst og Helse Nord felles mål for kutt av CO2-utslepp.

Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling naudsynt. 

Hovudmålet til dei regionale helseforetaka er difor å redusera CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030. Det langsiktige målet er å ha ei klimanøytral verksemd innan 2045.​

Dei sju delmåla skal sørga for at hovudmålet vert nådd:

  1. Redusera helsetenesteassosierte infeksjonar
  2. Redusera energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auka delen gjenvinningskraft
  3. Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonar skal vera over video og telefon
  4. Matavfall skal reduserast med 50 prosent innan 2030
  5. Produkt utan (utslepp av) helse - og miljøskadelege stoff skal vera 75 prosent innan 2030
  6. Fossilfrie sjukehus innan 2030
  7. Miljømedvitne tilsette i alle einingar
Fann du det du leita etter?