Hopp til innhold
logo

Tilsette på sjukehus får tredje dose

Sjukehusa i Helse vest får rundt 10 400 oppfriskingsdosar med koronavaksine (med utgangspunkt i seks dosar per hetteglas). Dosane skal bli tilbode helsepersonell som har tett kontakt med pasientar med høg risiko for alvorleg forløp av covid-19.

Publisert 17.11.2021
En haug med røde blomster
Det er Folkehelseinstituttet som har bestemt kriteria for kven som skal vaksinerast. Helseføretaka vurderar kva helsepersonell som vil vera omfatta av gjeldande tilråding. Det vil i hovudsak dreia seg om tilsette i døgninstitusjonar som behandlar sårbare pasientar over tid. Hovudhensikta er å verna pasientar med særleg høg risiko for å bli alvorleg sjuk. 

Sjukehusa i Helse Vest får tildelt Comirnaty (Pfizer). ​Det er helseføretaka som organiserer og gjennomfører vaksinasjonen, og dei vil følgja rettleiinga frå Folkehelseinstituttet. ​

Vaksinasjonen startar så snart det er praktisk mogleg. Arbeidet for å få fleire dosar til spesialisthelsetenesta vil halda fram. 

Helse Førde: 936 dosar
Helse Bergen: 4 578 dosar 
Helse Fonna:  1 458 dosar
Helse Stavanger: 3 432 dosar 

Talet er bygd på seks dosar per hetteglas - og vil sjølvsagt auka om det er mogleg få ut sju dosar per hetteglas. 




Fann du det du leita etter?