100 millionar til klinisk forsking: Fire av fem prosjekt er frå Vestlandet
Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta (KLINBEFORSK) deler ut i alt 100 millionar kroner til nasjonale, kliniske studiar. Tre av prosjekta som har fått støtte, går føre seg i Helse Bergen, medan eitt kjem frå Helse Stavanger.

Dag Årsland frå Helse Stavanger er ein av fem som får støtte. Foto: Helse Stavanger.
– Kliniske behandlingsstudiar gir pasientane tilgang til nye behandlingsformer, og det gir behandlarar og forskarar ny og verdifull kunnskap. Det er svært gledeleg at forskingsmiljøa i både Stavanger og Bergen stiller så sterkt her, og leverer gode og viktige prosjekt som får støtte, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne.
Tildelinga til dei fem prosjekta vart bestemde i møte mellom dei administrerande direktørane for dei regionale helseføretaka 23. mai 2022.
- bruk av sentralstimulerande midlar i substitusjonsbehandling av personar med rusmiddelavhengnad
- behandling av hjernesjukdommar som demens og ALS
- bruk av genterapi for behandling av pasientar med:
- sjeldne diagnosar
- tilstandar som uhelbredeleg blodkreft, augesjukdommar, sjeldne immunsykdommer
- alvorlege sjukdommar som rammar barn
Studiar av stor betydning


Kjell Arne Johansson frå Helse Bergen får støtte til forsking på rusmiddelavhengnad. Foto: UiB.
Desse har fått støtte
- Kjell Arne Johansson frå Helse Bergen HF med "Agonist Treatment with Lisdexamphetamine for Amphetamines Dependence: A Randomised Controlled Trial (ATLAS4dependence)." Støtte: 19 995 000 kroner.
- Dag Årsland frå Helse Stavanger HF med "The Norwegian Anti-Dementia Drug Trial Platform (NORADD-TP): A nationwide trial platform of symptomatic and disease-modifying anti-dementia compounds". Støtte: 20 000 000 kroner.
- Ole Bjørn Tysnes ved Helse Bergen HF med "Effects of long-term ventilation support in ALS on quality of life in patients and their families". Støtte: 19 922 000 kroner.
- Bjørn Tore Gjertsen ved Helse Bergen HF med "Clinical evaluation of CD37 CAR T for acute myeloid leukaemia." Støtte: 19 991 000 kroner.
- Jochen Büchner ved Oslo universitets-sykehus HF med "InsighT-1: A phase I first-in-human trial of genetically modified TdT TCR T-cells in children and adults with T- and B-cell acute lymphoblastic leukemia." Støtte: 19 993 000 kroner.

Bjørn Tore Gjertsen ved Helse Bergen er ein av dei fem som får støtte. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.