logo

16 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest

16 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. Sjå kven som får støtte, nedst i saka.

Publisert 12.01.2022
Sist oppdatert 27.06.2022

​Helse Vest RHF lyste ut 16 millionar kroner til regionale innovasjonsprosjekt i dei to kategoriane «nye prosjekt» og «idéoverføring».

Til søknadsfristen 25. oktober 2021 kom det inn totalt 44 søknadar, og det blei totalt søkt om 40 millionar kroner. Flest søknadar var det i kategorien «nye prosjekt» med 40 søknadar, medan det i kategorien «idéoverføring» var fire søknadar. Av desse får 15 prosjekt støtte, 13 i kategorien «nye prosjekt» og 2 i kategorien «prosjektoverføring».

Leiarmøtet i Helse Vest vedtok tildeling 11. januar, på grunnlag av innstillinga frå ein regional innovasjonskomité som har vurdert søknadane etter gitte vurderingskriterium. Forutan regionale representantar frå Helse Vest RHF, representantar frå helseregionane Helse Sør-Øst og Helse Midt-Norge, deltok to brukarrepresentantar og konserntillitsvalt i komitéarbeidet.

Høg kvalitet​

– Søknadane viser høg innovasjonsaktivitet i heile føretaksgruppa, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi. Det er gledeleg at vi har fått inn så mange søknadar til tross for pandemien. Utlysinga er eit viktig verkemiddel for å leggje til rette for innovasjon i helsetenesta og å nå måla i Helse 2035 og Nasjonal helse- og sjukehusplan, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Om lag halvparten av søknadane som får stønad omhandlar ulike former for digitale helsetenester. Her er det høg aktivitet i heile landet, og me oppmodar alle som får midlar om å orientere seg om aktuelle samarbeidspartnarar​ i dei andre helseregionane.

Det er og gledeleg at mange av søkarane har fleire samarbeidspartnarar, sjølv om det fortsatt er potensial for meir samarbeid mellom helseføretaka i Helse Vest og med kommunal helseteneste.

​– Innovasjon i helsetenesta er svært viktig for å legge til rette for nyskaping og betre helsetenester, og ikkje minst med tanke på å sikre berekraft i helsetenesta også i framtida. Vi er godt nøgde med tildelinga og at vi har fått så mange kvalifiserte søkarar også i denne runden, seier Lena Forgaard, innovasjonsansvarleg i H​else Vest RHF.

Desse får innovasjon​sstøtte:

Nye prosjekt:

SpecBase – Trygge prøvesvar

Prosjektleiar: Ralf Kellmann
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Vest IKT

Onkogeriatrisk vurdering av eldre pasientar med avansert lungekreft

Prosjektleiar: Margrethe Aase Schaufel
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen, Helse Førde, Universitetet i Bergen, Helse Stavanger, Bergen kommune, Universitetet i Oslo, Helse Fonna og Brukerorganisasjon

Hjerne- og hjerteredning ved bruk av nyutviklet kateterbasert intervensjon hos pasienter med hjertestans utenfor sykehus

Prosjektleiar: Vegard Tuseth
Prosjekteigar: Helse Bergen HF

Komplikasjoner oppstått i sykehus identifisert ved automatisert datafangst

Prosjekteigar: Anette Storesund
Prosjektleiar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen og Helse Stavanger

Digital poliklinikk for barn og ungdom med funksjonelle mage- og tarmsykdommer

Prosjektleiar: Dag Tveitnes
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Bergen, Universitetet i Stavanger, Haugesund kommune (brukerrep), Stavanger kommune (fastlege) og Helse Vest IKT

Telemedisinsk kognitiv atferdsterapi for psykiske plager ved Parkinsons sykdom (ePark-KAT).

Prosjektleiar: Aleksander Hagen Erga
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Nasjonalt kompetansetjeneste for bevegelsesforstyrrelser, Helse Stavanger, Norges Parkinsons-forbund og Maastricht University Medical Center

Dette er viktig for meg

Prosjektleiar: Hanne Marit Bjørgaas
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Stavanger kommune

Umiddelbar gjenkjennelse av hjerneslag ved hjelp av kunstig intelligens

Prosjektleiar: Martin Kurz
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Bergen, Sørlandet sykehus, Kristiansand
AHUS, RESQ Biometrics AS/SimulaMet og Brukerorganisasjon

PILOT SYNDATA - Trygg bruk av kunstig intelligens i barne- og ungdomspsykiatrien

Prosjektleiar: Synnøve Olset
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger, Helse Vest IKT, NTNU, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge psykisk helse og barnevern (RKBU) Midt-Norge

ANeED app’en – digital applikasjon for smarttelefon til kliniske legemiddelstudier ved kognitiv svikt og demens- brukererfaring og utvikling av brukergrensesnitt

Prosjektleiar: Arvid Rongve
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna, Helse Stavanger, Karmøy kommune, ATEA 
Webstep, (næringslivspartere), Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen

Venteliste Nye prosjekt:

Universelt pasientgrensesnitt: Datadrive klinisk praksis på tvers av klinisk kontekst

Prosjektleiar: Christian Moltu
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet

Digitalt lærings- og mestringsprogram for kreftpasienter før, under og etter ikke-kirurgisk behandling

Prosjektleiar: Anne Cecilie Lian Lie
Prosjekteigar: Helse Bergen HF

Selvhjelp i gapet - en digital bro

Prosjektleiar: Marthe Brurok Myklebost
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen og Nidaros DPS/Sendet er eTerapi

eMeistring - økt brukervennlighet for økt tilgjengelighet

Prosjektleiar: Ingrid Kerstin Maria Blom
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen, Helse Vest IKT, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna

Dei prosjekta som står på venteliste vil få tildeling under føresetnad av at dei godtar vilkåra for tildelinga frå Helse Vest RHF.

Desse får stønad i kategorien Ideoverføring:

Innføring av LOVePROM ved Solli DPS

Prosjektleiar: Leif Arvid Øvernes
Prosjekteigar: Solli DPS

Injeksjonsbehandling med Ketamin mot alvorlig og terapiresistent depresjon hos eldre

Prosjektleiar: Benedikt Römer
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF

Tilbakemelding til alle​​

Alle som har sendt inn søknad vil få ei tilbakemelding. Dei som får stønad vil få eit tildelingsbrev med meir informasjon om vilkåra for stønad​​​. Det vil kome meir informasjon om prosjekta som har fått stønad.