Bygger lager for neste pandemi
Under pandemien auka leveringstida på utstyr med 60 dagar. No førebur sjukehusa i vest seg på neste krisesituasjon.
Publisert 18.03.2022

– Før covid-19 kom hadde vi ikkje nok smittevernutstyr på lager i regionen. Dei siste åra har vi lært mykje om kva utstyr vi må ha på lager for å kome oss gjennom ein langvarig pandemi. No har vi etablert ei eiga arbeidsgruppe som skal halde oversikt over utstyrssituasjonen i heile regionen, seier Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest.
Per Karlsen, Økonomi- og finansdirektør i Helse Vest.
Arbeidsgruppa har allereie jobba ei god stund med utstyr. Hovudoppgåvene deira er å identifisere kritiske produkt, kvalitetssikre produkta, bestille dei og sørge for at dei blir lagerført i sjukehusa.
– Det viktigaste no er å sørga for at vi har nok produkt til å behandle pasientar som blir lagt inn med omikron. Tidlegare i pandemien hadde vi fokus på å sikre nok smittevernutstyr og desinfeksjonsmiddel til sjukehusa, men no har vi også fokus på å sikre nok utstyr til behandling av pasientar, seier prosjektleiaren.
Store utfordringar med levering
– Akkurat no er det utfordringar med å få tak i gips og EKG-elektrodar. For tre veker sidan var det heilt andre produkt det var vanskeleg å få tak i, mens neste veke kan det vere nye produkt igjen. Vi reknar med at utfordringane knytt til levering vil vare i 18-30 månadar, og produkta det er utfordringar med vil endre seg frå veke til veke og månad til månad, seier Solbakk Pedersen.
– Samstundes er det viktig at vi har eit større perspektiv enn berre vår eigen region. Viss vi hamstrar produkt, kan det føre til at andre regionar eller land ikkje får. Her har vi god dialog med leverandørane, Sykehusinnkjøp og dei andre regionane, fortset han.
Førebur seg på neste pandemi

Joakim Solbakk Pedersen er prosjektleiar i Helse Vest og leiar arbeidsgruppa, som kontinuerleg jobbar for å halde oversikt over alt av utstyr som blir brukt i sjukehusa.
– Det viktigaste no er å sørga for at vi har nok produkt til å behandle pasientar som blir lagt inn med omikron. Tidlegare i pandemien hadde vi fokus på å sikre nok smittevernutstyr og desinfeksjonsmiddel til sjukehusa, men no har vi også fokus på å sikre nok utstyr til behandling av pasientar, seier prosjektleiaren.
Store utfordringar med levering
Det har vore og er framleis store leveringsutfordringar i marknaden. Det gjer arbeidet med å halde oversikt over utstyr, behov og lager ekstra vanskeleg.
– Før pandemien tok det 30 dagar å frakte produkt frå Kina til Noreg. No tek det 90 dagar. Det gjer at vi er avhengige av tett dialog med leverandørar, slik at vi veit kva produkt som kan bli vanskelege å få tak i framover, forklarar Solbakk Pedersen.
Å identifisere kritiske produkt er ei viktig oppgåve i tida som kjem. Kritiske produkt kan vere produkt som er viktige for behandlinga av pasientar, og det kan vere produkt som det er stor etterspurnad etter, men som leverandør er tom for.
– Akkurat no er det utfordringar med å få tak i gips og EKG-elektrodar. For tre veker sidan var det heilt andre produkt det var vanskeleg å få tak i, mens neste veke kan det vere nye produkt igjen. Vi reknar med at utfordringane knytt til levering vil vare i 18-30 månadar, og produkta det er utfordringar med vil endre seg frå veke til veke og månad til månad, seier Solbakk Pedersen.
– Samstundes er det viktig at vi har eit større perspektiv enn berre vår eigen region. Viss vi hamstrar produkt, kan det føre til at andre regionar eller land ikkje får. Her har vi god dialog med leverandørane, Sykehusinnkjøp og dei andre regionane, fortset han.
Førebur seg på neste pandemi
Både Karlsen og Solbakk Pedersen trekk fram samarbeidet med sjukehusa, leverandørar, Sykehusinnkjøp og dei andre regionane som avgjerande for å lukkast. Dette blir viktig også i tida framover, sjølv om denne pandemien kan vere over snart.
– Utfordringa er at vi ikkje veit kva som kjem. Om det kjem ein ny pandemi, veit vi ikkje kva pandemi som kjem. Likevel bygger vi opp eit større og meir robust lager enn vi hadde for to år sidan, både i sjukehusa, i regionen og på det nasjonale beredskapslageret, seier Karlsen.
Slik blir det arbeidd med utstyr nasjonalt, regionalt og lokalt
- Nasjonalt: Etablering av permanent lager for smittevernutstyr for å handtere framtidige pandemiar.
- Regionalt: Regionalt lager for smittevernutstyr og desinfeksjonsprodukt er etablert. Kritisk utstyr til behandling av pasientar vert lagerført for å sikre beredskap. I første omgang er det fokus på utstyr for å behandle pasientar innlagde med Covid-19.
- Lokalt: Det er tett dialog med helseføretaka for å sikre lagerføring av kritiske produkt til behandling av pasientar innlagde med Covid-19.