logo

Helse Vest fyrst ute med felles legemiddelliste

– Fyrste skritt på vegen for endå betre pasientsikkerheit og samhandling på Vestlandet, seier fagdirektør i Helse Vest. 

Publisert 21.03.2022
Sist oppdatert 23.03.2022

​–  Felles legemiddelliste vil gje pasientane betre oversikt over eigne legemiddel og det vil redusera problem, plunder, heft og risiko våre tilsette og pasientar møter dagleg. Viktig informasjon vil ikkje lenger ligga spreidd i ulike system i sjukehus og kommune, seier Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest.  

Vert delt mellom ulike system

Pasientens legemiddelliste (PLL) er ei oversikt over kva legemiddel ein pasient brukar, som kan delast mellom helsepersonell i ulike delar av helsetenesta. Det gjer at fastlege, sjukehus, sjukeheimar, legevakt og heimesjukepleie kan ha tilgang til den same oversikta. 

– Dette er fyrste steg på noko som vil ha svært mykje å seia for pasientsikkerheit og samhandling i Helse Vest. Det vil forhåpentlegvis føra til færre innleggingar grunna legemiddelfeil, færre legemiddelrelaterte pasientskadar og dødsfall og redusert tidsbruk på legemiddelrelaterte avklaringar og samstemming behandlarar i mellom, fortel Schem.  

Legemiddellista er ein del av den sentrale løysinga for elektroniske reseptar, der legar og anna helsepersonell som behandlar pasienten får tilgang til legemiddelopplysingane. Behandlarane får tilgang til lista gjennom sitt eige pasientjournalsystem. 

Fyrst eit tilbod i Bergen 

Ei kartlegging gjort av Helsedirektoratets pasientsikkerhetsprogram viser at omlag 12 prosent av pasientskader skuldast feil legemiddelbruk.  

Mann ser mot kamera

Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Kjetil Alsvik.

– Legemiddellista sikrar langt betre informasjonsflyt mellom dei ulike delane av helsetenesta så den høgre handa veit kva den venstre gjer, og den vil dermed få stor betydning for kvaliteten på behandlinga pasienten får, seier fagdirektør Schem.  

Arbeidet med å få på plass ei felles legemiddelliste har pågått over mange år. I fyrste omgang er det pasientar og behandlarar i Bergen som får testa det ut. Fastlegekontor, delar av Bergen kommune, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Mottaksklinikken i Helse Bergen HF er av dei som er med på testinga. Etter planen skal pasientens legemiddelliste rullast ut i heile landet frå 2024 og utover. 

Betre oversikt for pasienten 

I tillegg til behandlarar, vil også pasienten få betre oversikt og kontroll over eigen medisinbruk.  

–​​ Dette er med på å gje pasientar ei endå betre legemiddelbehandling då alle legane bruker og kvalitetssikrer den same lista. I tillegg til dette kan pasienten kva tid som helst sjå si eiga, oppdaterte legemiddelliste på helsenorge.no. Her kan dei også sjå kven som har sett på legemiddellista, fortel Schem.  ​