logo Helse Vest

No kan pasientar i vest sjå fleire prøvesvar på nett

Med fleire prøvesvar tilgjengeleg på helsenorge.no, kan pasientar ha meir kontroll over eigne helseopplysingar.

Publisert 14.03.2022
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
​Helse Vest gir no innsyn i resultat på prøvar og undersøkingar frå mellom anna patologi og radiologi på helsenorge.no, som fyrste region i landet.

– Dette er informasjon som pasienten svært gjerne vil ha, og mange pasientar har etterspurt ei løysing for å få tilgang til eigne prøvesvar. Nokon har tatt brystdiagnostikk. Andre har tatt celleprøvar. Andre igjen har kronisk sjukdom og ønskjer å følgje opp eigen sjukdom og utvikling over tid, seier Margrete Wie.

Margrete Wie, prosjektleiar i Helse Vest IKT.
Wie er leiar for prosjektet som har resultert i at innbyggjarane no kan få innsyn i utvalde prøvesvar. Prosjektgruppa frå Helse Vest IKT har jobba saman med legar frå heile Vestlandet. 
Eit nytt​​ og viktig tilbod
Innsyn i prøvesvara gir pasientane moglegheit til å samanlikne tidlegare og nye prøvesvar, og bruke dette til å lære meir om sitt eige sjukdomsbilete. Eit viktig spørsmål for prosjektgruppa har vore kva dette kan bidra til i dialogen mellom behandlar og pasient.

– Dialog med legen vil alltid vere viktigast, og det er legen som først skal informere pasienten om prøvesvar. Det er årsaka til at det vil vere ei forseinking før svara blir tilgjengeleg på helsenorge.no. Innsyn i eigne prøvesvar skal vere eit tilleggstilbod til pasientane, seier Wie.​
Ønskjer openheit
Når fleire prøvesvar blir tilgjengeleg gjennom helsenorge.no, er det ein del av ein langsiktig prosess der målet er openheit og tilgjengeleg informasjon. Over noko tid vil vestlendingane finne alle sine prøvesvar her.

– Dette er eit stort og omfattande arbeid, og det vil ta tid før alt er på plass slik vi vil det skal vere. Når prøvesvar innan patologi og radiologi no blir tilgjengeleg, er det eit viktig steg. Her er Helse Vest fyrst ute i landet, seier Wie.

Kva prøvesvar finn du på helsenorge.no?

Du vil finne prøvesvar bestilt av sjukehuset i desse kategoriane:

  • Patologisvar (undersøkingar av vev- og celler)
  • Radiologiundersøkingar (til dømes røntgen, MR, CT og PET).
  • Enkelte andre tekstlege prøvesvar.
Prøvesvar som er bestilt av fastlegen vil inntil vidare ikkje bli vist på denne måten, sjølv om dei er utført på sjukehuset. Svar på desse undersøkingane vil bli formidla på same måte som før, og er noko pasienten og fastlegen blir einige om.

Prøvesvar er viktig informasjon for helsepersonell for utgreiing og oppfølging av pasientar. Språket må vere presist for å unngå misforståingar, og inneheld av den grunn ord og uttrykk som kan vere vanskeleg å forstå. 

Prøvesvar er eit prosjekt under Alle møter-programmet i Helse Vest. Prosjektet er ein viktig del av arbeidet med å legge til rette for bruk av digitale løysingar, og betre dialogen mellom pasientane og sjukehusa. ​