logo

Vil ha fleire telefon- og videokonsultasjonar i sjukehusa

I fjor blei over 11 prosent av alle konsultasjonar i sjukehusa gjennomført over telefon eller video. I 2022 skal andelen vere minst 15 prosent. 

Publisert 23.03.2022
Talet på telefon- og videokonsultasjonar var stabil gjennom heile 2021, med ei svak auke i desember. No håper Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest, at veksten fortset ut i 2022. 

– Pandemien har bidrege til at telefon- og videokonsultasjonar har blitt nytta i mykje større grad enn tidlegare. Likevel er vi eit stykkje unna målet vårt på 15 prosent, som vi håper å nå i 2022, seier Jøsendal.

portrett

Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest

Målet på 15 prosent kjem frå Helseministeren via oppdragsdokumentet. At telefon- og videokonsultasjonar  blir nytta der det er mogleg, er positivt for både pasientar, behandlar og miljø. 

– Men det er behandlar som avgjer om ein konsultasjon kan vere via telefon eller video. Konsultasjonar der det er tilstrekkeleg å sjå og høyre pasienten, kan ofte bli gjennomført via telefon eller video, forklarar Jøsendal.

– Innan mange fagområde er det også mogeleg å gjennomføre konsultasjonar eller informasjonsutveksling gjennom meldingar. Truleg vil informasjonsutveksling mellom pasient og helsepersonell basert på utveks​​ling av skjema, tekst eller bilete vere det aller viktigaste digitaliseringstiltaket vi kan få, for både pasient og helsepersonell, legg han til. 

tabell som viser andel telefon- og videokonsultasjonar etter fagområde

Psykisk helsevern storbrukarar av digitale timar
Psykisk helsevern for vaksne er fagområdet der flest har fått tilbod om telefon- eller videokonsultasjonar. I 2021 blei 43 281 konsultasjonar  gjennomført over telefon eller video, noko som vil seie nesten 15 prosent av alle konsultasjonane. Innan psykisk helsevern for barn og unge er talet om lag 20 prosent. 

– Psykisk helsevern er eit stort fagområde, der behandlarane har vore flinke til å nytta telefon- eller videokonsultasjonar der det har vore mogleg. Det er også eit område der det kan vere lågare terskel for nokon pasientar å gjennomføre timen digitalt enn fysisk, påpeiker den assisterande fagdirektøren.

Eit anna område som har nytta telefon og video i større grad enn tidlegare år, er onkologi. Under pandemien har kreftpasientar i større grad nytta telefon - og videokonsultasjonar enn før. 

– Vi ser at særleg videokonsultasjonar svingar med smittebølgene. Det har vore viktig for fleire pasientgrupper å kunna redusere fysisk oppmøte på sjukehusa når det har vore mogleg, seier Jøsendal. 

Meir digitalt framover 

Dei siste åra har både behandlarar og pasientar nytta digitale verktøy i periodar der pandemien har gjort det vanskeleg å møtast som før. Jøsendal trur og håper at behandlar og pasient vil bli meir digitale også etter pandemien. 

– Telefon- og videokonsultasjonar er viktig for både pasientar og behandlarar også i ein normalsituasjon. For pasientar kan telefon- og videokonsultasjonar gjere det lettare å møte til ein time, dei kan sleppe lang reiseveg og dei kan unngå unødig venting. Det kan frigjere tid for behandlar, men det er også eit viktig miljøtiltak, seier Jøsendal.