Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest tilrår å fjerne TikTok og Telegram

TikTok og Telegram bør ikkje installerast på tenestetelefonar i helseføretaka. Regionalt utvalg for informasjonsikkerheit i Helse Vest tilrår at sjukehusa på Vestlandet følgjer NSM sine konklusjonar for TikTok og Telegram.

Publisert 24.03.2023
Mann står bak dataskjerm

– Vi rår medarbeidarar i verksemdene i Helse Vest frå å installere og bruke appane TikTok og Telegram på mobiltelefonar og andre einingar som er tilknytt, eller har tilgang til, den digitale infrastrukturen eller tenestene våre, seier Lars Erik Baugstø-Hartvigsen, som er leiar for informasjonsikkerheit i Helse Vest RHF. 

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort ei vurdering på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet som tilseier at TikTok eller Telegram ikkje bør installerast på tenesteeiningane til offentleg tilsette. Med tenesteeiningar siktar ein til mobiltelefonar, nettbrett eller personlege datamaskiner betalt av arbeidsgivar og som er ein del av den interne digitale infrastrukturen knytt tilføretaket eller ulike tenester. 

Anbefalinga gjeld òg for einingar som på andre måtar er knytt til helseføretaka sine interne, digitale tenester. Det kan til dømes vere når TikTok er innstallert på ei privat eining, som er kopla opp mot e-postkontoen ein har på jobb. 

Om det er tenestleg behov for TikTok eller Telegram, tilrår NSM at applikasjonen blir nytta på ei separat eining reservert for denne typen formål, og som ikkje får tilgang til dei interne systema i verksemda.

– Justis- og beredskapsdepartementet har frårådd politikarar og tilsette i departementa og underliggjande verksemder å ha applikasjonane TikTok og Telegram på tenesteeiningar. Det er naturleg at vi i Helse Vest legg oss på same linje som regjeringa og andre offentlege verksemder, seier Baugstø-Hartvigsen.