Resultatet av val av og blant dei tilsette til representasjon i det regionale helseføretaket og styra i helseføretaka er klart. Det blei forholdstalsval i alle føretaka inkludert Helse Vest IKT, noko som betyr at det blei stemt på ei førehandsdefinert liste. Med eitt unnatak: Helse Fonna hadde fysisk val, og dette resultatet er no klart.
Publisert 23.02.2023
Sist oppdatert 08.03.2023
Det kom inn kun éi liste frå kvart helseføretak, inkludert Helse Vest IKT AS – og unnateke for Helse Fonna, som hadde fysisk val.
Valresultatet for Helse Fonna er no klart.
Kven som står på lista ser du under her, fordelt på føretak. Desse representantane er valde for dei neste to åra:
Styremedlemmar
Lena Thorsnes Intensivsjukepleiar, Avdeling for akuttmedisin, Kirurgisk klinikk, Helse Førde, føretakstillitsvald for Norsk sykepleierforbund
Randi Aven Spesialhjelpepleiar, Psykiatrisk klinikk Tronvik, føretakstillitsvald for Fagforbundet
Torfinn Heggland Overlege Avdeling for akuttmedisin, Kirurgisk klinikk, Helse Førde. Vara føretakstillitsvald og hovudtillitsvald ved Helse Førde, Den norske legeforening
Kari Sunde Kvile Sjukepleiar Kirurgisk sengepost, Kirurgisk klinikk, Helse Førde. Vara føretakstillitsvald, klinikktillitsvald Norsk sykepleierforbund
Varamedlemmar
Sølvi Anne Birkeland Hjelpepleiar ØNH poliklinikk Helse Førde. Verneombod.
Ole Magnus Kapstad Overlege Psykiatrisk klinikk, Psykisk helsevern, Helse Førde
I følgje §42 i valforskriftene er det mogleg å klage på valresultatet. Føretaket, lokal fagforeining og den som har stemmerett har høve til å klage. Klagen skal leverast valstyret, som førebur klagehandsaminga i klagenemnda. Frist for å klage er 14 dagar frå det tidspunktet den som har klagerett har fått melding om vedtaket, men seinast 14 dagar etter valdagen. For meir informasjon om gjennomføringa av valet og klagerett, sjå valforskriftene.