Nasjonal rapport
Tiltak for å redusere overforbruk og uønsket variasjon i radiologitjenester i Norge
Under leiing av Helse Vest RHF har dei regionale helseføretaka fått i oppdrag å kartleggje variasjon i bruk av laboratorie- og radiologitenester, og setje inn tiltak for å redusere overforbruk av desse tenestene.

Foto: colourbox
Det har vært ei auke i talet på radiologiske undersøkingar i Noreg og fleire rapporter om uønskt regional variasjon. Dette har ført til ei bekymring om overforbruk, underforbruk og feilbruk av radiologiske tenester.
I oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet 2023 fekk Helse Vest derfor følgande oppdrag:
…under leiing av Helse Vest RHF kartleggje variasjon i bruk av laboratorie-, bilde- og radiologitenester, og setje inn tiltak for å redusere overforbruk av desse tenestene. SKDE bør involverast i arbeidet.
I fase 1 av det nasjonale prosjektet ble variasjon innan eit utval radiologiske tenester kartlagt. Dette omfatta både polikliniske og inneliggjande pasientar.
Slurttrapporten, fase 2, summerer opp det interregionale samarbeidet med å utarbeide tiltak for å redusere uønskt variasjon innan radiologi og skildrar tiltaka som er foreslått.
Helse Vest RHF valde å involvere representantar frå alle dei regionale helseføretaka, representantar frå aktuelle faglege forbund, offentlege myndigheitsorgan, tillitsvalde og brukarrepresentant i oppgåva med å utarbeide tiltaka.
Resultat og delrapportar
Delrapport, fase 1, ble levert til Helse- og omsorgsdepartementet våren 2024:
Arbeidet med å forstå variasjonen og utvikle tiltak vil fortsette vidare.
Sluttrapport, fase 2, er levert til Helse- og omsorgsdepartementet vinter 2025: