logo

Regional utviklingsplan 2035

Utviklingsplanen til Helse Vest skal bidra til å realisere vår felles helseteneste. Han skildrar korleis vi skal utvikle verksemda, møte framtidige behov og handtere dei store utfordringane vi står overfor.

​​​Regional utviklingsplan 2023 - 2035​

Med retning mot 2035 - nyheitssak

​Den regionale u​​tviklingsplanen byggjer på strategien vår, som peikar veg mot 2035. For å nå måla om​​ ei god og berekraftig spesialisthelseteneste framover er det viktig at alle er med. Då må pasientar, pårør​ande, medarbeidarar og leiarar engasjere seg i utforminga av tenesta framover.​ Det skal utviklingsplanen leggje til rette for.

​Helseføretaka er store og komplekse verksemder. Difor kan òg planane sjå store og komplekse ut. Utgangspunktet skal likevel vere lettfatteleg: Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet for pasientane og innbyggjarane på Vestlandet. Då må vi sjå utfordringane og løysingane gjenn​​om auga til både medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar.

​Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Planen tek derfor òg føre seg dei store og veksande utfordringane rundt økonomi, berekraft og tilgang på fagfolk, som krev tøffe prioriteringar på både kort og lang sikt.

Den viktigaste resursen vi har, er medarbeidarane våre. Det er dei som utgjer helsetenesta, og vi er avhengige av kompetansen, innsatsen og initiativa til kvar enkelt medarbeidar for å nå måla vi set oss. Vi satsar derfor stort på å behalde og rekruttere medarbeidarar, og sørgje for at dei kan utvikle og bruke kompetansen sin på beste moglege måte.

​Formen på planen er ny. Målet framover er ein levande plan, som vi ikkje reviderer kvart fjerde år, men som til ei kvar tid er oppdatert og som gjer at me kan vurdere justeringar og innspel som kjem undervegs. Difor har planen fått ei digital form og vi vil oppdatere både grunnlaget og sjølve utviklingsplanen løpande, og på den måten halde planen relevant over tid.

ta gjerne kontakt med oss om du har innspel - anten det gjeld innhald eller form!​

​I tråd med utviklingsplanen, blir det no laga ein regional tiltaksplan. Arbeidet med tiltaksplanen er planlagt ferdig første halvår 2023.

Utviklingsplanane i helseføretaka er utarbeidde i tråd med rettleiaren frå Helse- og omsorgsdepartementet og arbeidet er gjort i tett dialog med kommunar, pasientar, fagmiljø, medarbeidarar og andre aktuelle aktørar.​

Utviklingsplan Helse Førde​

Utviklingsplan Helse Bergen

Utviklingsplan Helse Fonna

Utviklingsplan Helse Stavanger

Fire hovudområde​:

Pasientane skal vere trygge på at dei får hjelp når dei treng det, bli lytta til, ta eigne val og medverke i behandlinga. Pårørande er ein viktig ressurs. Nye og digitale tenester skal bidra til at pasientane opplever tryggleik og meistring. Samtidig skal dei få behandling av høg kvalitet, utan uønskt variasjon, altså variasjon vi ikkje kan forklare ut frå ulikskap i helsetilstand eller pasientpreferansar. Behandlinga skal vere heilskapleg, også når fleire einingar og aktørar er involverte behandlingsforløpet.

Eksempel:

​Prøver ut pasientens legemiddelliste i Bergen

Pakkeforløp, Helse Bergen

Brukarmedverknad og samval i døgnbehandling av ungdom med psykisk liding, Helse Stavanger

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i Helse Vest. Vi må ha ei leiing og ein organisasjon som er attraktiv for nye medarbeidarar, og som legg til rette for at dei utviklar og bruker kompetansen og kapasiteten sin best mogleg. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, der systematisk arbeid med HMS, kompetanse og pasientsikkerheit underbyggjer kvarandre, og gir trygge rammer både for medarbeidarane og pasientane. Samspelet mellom medarbeidarar og leiarar, individuell handlekraft og tilliten den enkelte skaper er ein føresetnad.

Eksempel:

Forbedringsundersøkinga i Helse Vest​

REGUT - Regionalt utdanningssenter for legar i spesialisering, Helse Bergen

Regional forbetringsutdanning, Helse Vest

Eit tettare og betre samarbeid internt i helseføretaket og med samarbeidspartnarar er sentralt for å byggje opp om vår felles helseteneste. Vi skal vidareutvikle samhandlingsforum som helsefellesskapa, gjennomføre felles investeringar i teknologi og sikre heilskaplege pasientforløp mellom helseføretaka, kommunane og andre samarbeidspartnarar. Her må ein evne å sjå utfordringane og moglege løysingar gjennom auga til både pasientar, medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar.

Eksem​​pel:

Barn og unges helseteneste, Helse Fonna​

Samhandling under same tak i Florø – Sunnfjord Medisinske Senter (sms-senteret.no)​

Den medisinske og teknologiske utviklinga medfører at vi kan gjere meir, men også yte tenester på andre måtar. Nye metodar og verktøy gjer at ein kan automatisere og robotisere større delar av verksemda, yte virtuelle tenester og flytte oppgåver nærmare pasienten. Geografien og busetjingsmønsteret på Vestlandet krev at ein realiserer potensialet som ligg i dette, slik at ein kan møte utfordringane knytte til auka behov og avgrensa ressursar i helsesektoren.

Eksem​pel:

Avansert heimesjukehus for barn og unge, Helse Bergen

Samfunnsansvar

Sist oppdatert 17.04.2023