1. Vit kven du skriv til, og kva du vil seie
For å skrive klart må du tenke gjennom
- kven du skriv til
- kva dei skal bruke teksten til
Ta berre med det som er relevant for den som skal lese teksten. Du bør også vere tydeleg på kva du forventar av lesaren:
- «Her finn du ...»
- «I dette brevet får du ...»
- «Vi ønsker at du ...»
- «Du må ...»
Vurder kva lesaren veit frå før, og kva du bør forklare. Ein tydeleg tekst er ikkje alltid kort. Av og til er det nødvendig å legge til nokre forklarande setningar for at teksten skal bli lettare å forstå.
2. Lag orden i teksten
Skriv informative overskrifter
- Lag ei overskrift som fortel kva teksten handlar om. Overskrifta skal gi meining for den som skal lese teksten.
- Tilpass overskrifta til formålet med teksten. Skal lesaren gjere noko, eller er teksten berre til informasjon? Få det fram tidleg.
Overskrifta «Blodprøve» kan bety fleire ting:
Unngå | Vurder heller |
Blodprøve |
Bestill time til blodprøve Du har fått time til blodprøve Resultata frå blodprøva di |
Skriv det viktigaste først
- Skriv det som er viktigast for lesaren, tidleg i teksten.
- Sorter resten av innhaldet etter prinsippet om fallande viktigheit: Etter at du har skrive det aller viktigaste, kan du presentere bakgrunnsinformasjon, detaljar og utdjupingar seinare i teksten.
Bryt opp teksten
- Del lange tekstar inn i avsnitt.
- Lag mellomtitlar for kvart hovudpoeng, slik at teksten blir lett å skumlese.
- Bruk punktlister når du ramsar opp noko.
3. Skriv enkle og konkrete setningar
Sei éin ting om gongen
- Del opp lange setningar.
- Set punktum i staden for komma der du kan.
Unngå | Vurder heller |
Spesialistar frå store sjukehus skal hjelpe spesialistar på mindre sjukehus nærare pasienten, spesialistar frå sjukehus skal samarbeide med kommunal helse- og omsorgsteneste og pasientar skal i større grad kunne møte spesialisthelsetenesta heime, digitalt eller gjennom ambulante tenester. | Spesialistar frå store sjukehus skal hjelpe spesialistar på mindre sjukehus nærare pasienten. Dei skal også samarbeide med kommunal helse- og omsorgsteneste. Pasientane skal i større grad møte spesialisthelsetenesta heime, digitalt eller gjennom ambulante tenester. |
Gjer teksten konkret med verb
- Bruk verb for å uttrykke handlingar.
- Unngå å gjere verb om til kompliserte substantivuttrykk.
Her er verbet å greie ut gjort om til substantivet utgreiing:
Unngå | Vurder heller |
Det blei gjennomført ei utgreiing av pasienten. | Pasienten blei utgreidd. |
Her er verbet å endre gjort om til substantivet endring:
Unngå | Vurder heller |
Det bør skje ei endring i rutinane. | Avdelinga bør endre rutinane. |
Skriv aktivt når du kan
Bruk subjekt (kven som gjer det) og aktive verb (kva som blir gjort) for å få tydeleg fram kven som gjer kva:
Unngå | Vurder heller |
Prøva blir lesen av, og det blir informert om eventuelle funn. | Hudlegen les av prøva, og informerer deg om eventuelle funn. |
Apparatet kan hentast dersom det passar best for deg. | Vi hentar apparatet dersom det passar best for deg. |
Skriv direkte til dei som bruker tenesta, ikkje om dei, der det er relevant. Bruk «du» og «dokker», og unngå «ein»:
Unngå | Vurder heller |
Pasienten blir undersøkt. | Legen undersøker deg. |
Ein skal ikkje ete mat eller drikke mjølkeprodukt før operasjonen. | Du skal ikkje ete mat eller drikke mjølkeprodukt før operasjonen. |
Unntak
Du kan bruke passiv når
- handlinga er viktigare enn kven som utfører handlinga
- du ikkje veit kven som handlar
- du ikkje vil/kan seie kven som handlar
- det ikkje er tvil om kven som handlar, og du vil variere setningane
Meona blir oppdatert fredag ettermiddag. |
4. Vel ord som mottakaren forstår
Ver merksam på faguttrykk og stammespråk
Tenk som lesaren, og bruk det same språket og orda som lesaren. Forklar faguttrykk og forkortingar som kan vere ukjende for lesaren. Det kan du gjere ved å
- skrive ei forklaring eller eit synonym i parentes
- legge til ei forklarande setning
- gi døme
Unngå | Vurder heller | Endå betre |
Tonsillektomi blir utført i narkose. | Fjerning av mandlane (tonsillektomi) blir utført i narkose | Du får narkose før du skal fjerne mandlane |
Oppfølging ism. gjennomgått behandling | Oppfølging i samband med gjennomgått behandling | Slik blir du følgt opp etter behandlinga |
Bruk eit oppdatert språk
Ver på vakt mot upresise og vage uttrykk som «i forhold til» og «fokus».
Unngå stive ord og uttrykk som ikkje blir brukte i daglegspråket, men som vi ofte finn i tekstar frå det offentlege. I Kansellisten på sprakradet.no finn du ei oversikt over slike ord og uttrykk.
Unngå | Vurder heller |
angåande | om |
vedrørande | om, i samband med, som gjeld |
ytterlegare | endå meir, fleire, nærare |
Unngå nakne substantiv. Eit nakent substantiv har ingen artikkel (ein, ei, eit) eller
bøying (-a, -en, -eit). Nakne substantiv er med på å gjere språket unødvendig stivt og formelt. Bruk heller ikkje enkel bestemming, som «denne lov» og «dette sjukehus». Kle på substantiva og bruk dobbel bestemming, slik du ville gjort det munnleg: «denne lova», «dette sjukehuset».
Unngå | Vurder heller |
denne lov, dette sjukehus | denne lova, dette sjukehuset |
Pasient tek kontakt med fastlege. | Pasienten tek kontakt med fastlegen. |
I første møte blei vidare retning for det regionale prosjekt avklart. | I det første møtet blei den vidare retninga for det regionale prosjektet avklart. |
Eigedomsord, som «din», «min» og «vår», set vi som hovudregel etter substantivet, i tråd med munnleg språk:
Unngå | Vurder heller |
Vår avdeling har eit godt fagmiljø. | Avdelinga vår har eit godt fagmiljø. |
Våre medarbeidarar og deira kompetanse er den viktigaste ressursen i helsetenesta. | Medarbeidarane våre og kompetansen deira er den viktigaste ressursen i helsetenesta. |
Inkluderande språk
Inkluderande språk er eit språk som
- respekterer mangfaldet i befolkninga
- reflekterer ei haldning om at alle menneske er likeverdige og har rett til å bli sett og høyrt
- ikkje skaper unødvendige forskjellar mellom menneske
Ver klar over kva du treng å tematisere, og når. Vurder om det er nødvendig å legge vekt på
- kjønn
- kulturell bakgrunn
- religion eller anna trusoppfatning
- funksjonsmangfald
- seksuell orientering
- økonomi
- tilsettingsforhold
- alder
Legg vekt på løysingar, ikkje avgrensingar:
Legg vekt på avgrensingane | Legg vekt på moglegheitene |
Kontakt oss viss du har spesielle behov | Treng du tilrettelegging? Beskriv behovet ditt. |
Ord vi kan bruke om ulike grupper i befolkninga
Unngå | Vurder heller |
ein dement person | ein person som lever med demens |
ein person som sit i rullestol | ein person som bruker rullestol |
person med innvandrarbakgrunn | fleirkulturell person |
kone/mann | partnar/ektefelle |
mor/far | forelder/føresett, du som har eit barn innlagt på sjukehuset |
kva heiter faren til barnet? |
har barnet fleire foreldre? kva heiter den andre forelderen? |
ta med ektefelle/partnar/sambuar/næraste pårørande | ta med nokon som kan støtte deg og få informasjonen saman med deg |
Kjønnsnøytrale ord
Unngå | Vurder heller |
vaskedame | reinhaldsarbeidar |
varamann | varamedlem |
kvinneleg ingeniør | ingeniør |
enkeltmannsføretak | enkeltpersonsforetak |
politimann | politibetjent |
Kva med «hen»?
«Hen» blei opphavleg innført som eit kjønnsnøytralt pronomen som kan brukast om alle. I dag blir det også brukt om personar som ikkje reknar seg som mann eller kvinne.
Dersom du er i tvil om kva for eit kjønnsnøytralt uttrykk som passar best, kan du bruke «han/ho».
På sprakradet.no finn du oppdaterte råd om bruken av «hen».