logo Helse Vest
Prøve i glass. Foto.

Bildediagnostikk og laboratorietenester

Bildediagnostikk er eit samleomgrep for bruk av røntgen, CT, MR og PET-teknologi for å identifisere sjukdom og tilstandar.

 

I løpet av dei siste 20 åra har det skjedd ei rivande utvikling innanfor bildediagnostikk. Særskilt for bildemodalitetar som CT og MR har auken vore kraftig, og dei fleste fagområde innanfor helsetenesta drar nytte av utviklinga i form av meir presis diagnostikk.​

Undersøkingane som blir gjorde, er ein viktig del av den medisinske vurderinga ved å stille en diagnose, følgje sjukdomsforløpet og vurdere behandlingseffektar.

Krav til reduksjon i ventetider generelt og til raskare kreftutgreiing spesielt, stiller skjerpa krav til korleis vi utnyttar den samla kapasiteten innanfor bildediagnostikk i regionen.

Bildediagnostiske undersøkingar blir utført på bestilling frå fastlege eller andre med tilvisingsrett. Pasienten betaler eigendel.​​

Tenester i sjukehusa, tenester hos private​​

For å sikre god nok kapasitet innanfor røntgen- og laboratorietenester kjøper Helse Vest tenester hos nokre private aktørar. Dette tilbodet er eit supplement til det offentlege tilbodet i sjukehusa, og pasienten betaler same eigendel som på eit offentleg sjukehus.
 
​​​​​​​Legar og andre rekvirentar i Helse Vest (Rogaland og Vestland) kan bruke private institutt som Helse Vest har avtale med.
 
Legg merkje til at røntgentenestene ikkje gjeld brystundersøking (mammografi).​
 
 
 
    Sist oppdatert 13.02.2020