Vedlegg til søknader om utanlandsstipend
Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.
1. Søkjaren skal leggje ved CV
Tilrådd lengd er 2 sider. Det skal også leggjast fram publikasjonsliste for dei siste 5 åra. Merk at for søknader om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.
Dette gjeld for alle søknader.
2. Forankringsavtale
Søkjaren skal leggje ved forankringsavtale dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller
privat, ideell institusjon i regionen.
Dette gjeld for alle søknader.
3. Invitasjon frå det utanlandske forskingsmiljøet
Dette vedlegget er obligatorisk for søknader om utanlandsstipend.
4. Uttale frå eige fagmiljø
Dette vedlegget er obligatorisk for søknader om utanlandsstipend.
5. Dekning av reiseutgifter (billigaste reisemåte)
Det kan søkjast om dekning av reiseutgifter (billigaste reisemåte). Det kan givast støtte til fleire kortare opphald og fleire tur-/returreiser for forskarar som har barn i skolealder, og som vel å reise utan barn og ektefelle/sambuar. Behovet for slike fleksible løysingar må grunnast særskilt og leggjast ved søknaden som del av «Andre vedlegg».
Skal leggjast ved der det er aktuelt.
Nyttig informasjon for søkjarar om utanlandsopphold:
Retningslinjer for postdoktorstipend
Retningslinjer for utenlandsstipend