Hopp til innhold
logo

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2023

Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2022 kl. 23:59. Vedtak om tildeling kjem 25. november 2022.

Page in English

​F​orskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrad- og postdoktorstipend.

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon som vedtek tildelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje forskingsmidlar frå Helse Vest. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2023, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.

Følgjande søknadskategorier er aktive ved utlysinga av midler for 2023:

  • Doktorgradsstipend
  • Postdoktorstipend inkl. utviding av postdoktorstipend (knytt til utanlandsopphald)
  • Klinisk forskarstipend
  • Klinisk karrierestipend
  • Open prosjektstøtte
  • Korttidsprosjekt
  • Utanlandsstipend​

Det er utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som retningslinjene gir. 

Ver særskilt merksam på følgjande:

  • For å kunne søkje forskingsmidlar i Helse Vest direkte (det vil seie utan forankringsavtale), må søkjar vere tilsett i minimum 20 prosent stilling i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest. Det er særskilte krav for kategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.
  • Stipendsatsane dekkjer løn og drift. Behov for driftsmidlar utover det som ligg i stipendsatsen, skal dekkast frå andre kjelder.
  • Lengda på postdoktorstipend er avhengig av gjennomføring av utanlandsopphald.
  • Øvre ramme for søknadskategorien Open prosjektstøtte er 4,5 mill. kroner over tre år.

  • ​Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

​Søknadar til Helse Vest blir vurderte ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet åleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

Samarbeid i regionen vil bli vektlagt i søknadar om open prosjektstøtte.

Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekta, jf helseforetakslova § 35. Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom å involvere brukarar i éin eller fleire deler av prosjektet. Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling. Manglande brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil føre til at søknaden blir lagd til side.

Forskarar som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ha gjennomført kurs i brukarmedverknad​.​ Ved tildeling av midler skal forskarar årleg rapportere om brukarmedverknad.

Søknader som ikkje fyller krava, kan bli avviste. Sjå oversikt over årsakar som førar til avvising av søknader​.​​

To vedlegg skal følgje den elektroniske søknaden.

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadskategori.
  2. Andre vedlegg. Kva for vedlegg som er påkravde her, er avhengig av søknadskategori. Sjå retningslinjene og rettleiing i skjemaet.​

Vedlegga må vere i PDF-format.

​I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengelege på engelsk.​​ For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidlegare​, sjå presentasjon av eSøknad.​​

Søknadsfristen var 15. september.

Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte fredag 25. november 2022. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette. Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking​ om du har spørsmål.​​​​

Sist oppdatert 21.09.2022
Fann du det du leita etter?