Strategiske satsingar
Tilpassa strålebehandling utpeikt som strategisk satsing
Prosjektet ART-FORSEE ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) markerte tildeling av strategiske midlar frå Helse Vest fredag 14. mars. Markeringa var lagt til det nye Protonbygget og vart runda av med ei omvising i bygget.
– Adaptiv strålebehandling lar oss raskt tilpasse strålebehandlinga til den enkelte pasient. I dette prosjektet får vi til tettare fagleg fellesskap og ein meir samkøyrt stråleterapi på Vestlandet, sa prosjektleiar Grete May Engeseth.
Prosjektets fulle namn er Network in adaptive radiotherapy for novel treatment strategies.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Meir skånsom stråleterapi
Prosjektet tar for seg utfordringar knytt til nye behandlingsstrategiar, spesielt protonterapi, og tilpassa stråleterapi (ART). ART tilpassar behandlinga til endringar i pasientens anatomi under behandlinga.
– Vi vil forske på korleis ein ved bruk at ART kan redusere biverknader og auke lokal kontroll. For palliative pasientar vil vi evaluere effekten av adaptiv arbeidsflyt, der avansert bileteprosessering og automatisering erstattar manuelle prosessar. I tillegg vil vi undersøke korleis ART påverkar biologisk effekt av protonterapi, sa Engeseth.
Prosjektet vart vald ut av Helse Vest i fjor haust og har fått stønad for perioden 2025–2029. Målet er å forbetre både kurativ og palliativ kreftbehandling med nye ART-strategiar.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Betre tilbod for pasientane
– Dette prosjektet er eit viktig ledd i vårt mål om å bli eit comprehensive cancer centre, kor vi kan vere til stades i alle ledd av pasientbehandlinga, frå førebygging, til den palliative fasen, sa Oddgeir Straume, avdelingsleiar for Kreftavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
– Forsking skjer ikkje i silo, det har påverknad på korleis med byggar kompetanse, på dialogen med pasientar og pårørande, og på utviklinga av nye behandlingstilbod. Vi må utvikle nye behandlingsformer, og det inneber å velje vekk mindre effektive behandlingsformer, sa forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grüner.
Store forventningar til strategiske satsingsprosjekt
Det er venta at prosjekta som får tildelte midlar skal auke kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og verke inn på eller bidra til å betra helsetenesta og/eller samfunn som heilskap.
– Vi gler oss til å følgje dette prosjektet som kan både auke kunnskapen på forskingsfeltet og sette spor vidare, sa fagleiar i Regionalt samarbeidsorgan, Anne Marie Haga frå Helse Vest.
Det er i tillegg eit krav at prosjektet inkludere alle relevante miljø i regionen, og byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet.
ART-FORSEE samlar deltakarar frå Helse Stavanger, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Bergen.
Tildeling av strategiske midlar til åtte prosjekt
Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar for 2025-2029. To av prosjekta held til ved SUS og seks av prosjekta held til ved Haukeland universitetssjukehus. Prosjekta ved SUS hadde oppstartsarrangement i februar, dei resterande prosjekta kjem til å arrangere tilsvarande oppstartsarrangement.
Strategisk satsing på forsking
Helse Vest gir kvart fjerde år stønad til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne forskarar søke innan fire område:
- Nye behandlingsmetodar
- Bruk av kunstig intelligens og helsedata
- Bedre digitale helsetenester
- Hjelp til barn og unge med langvarige helseplager
Det var 36 søknadar som vart vurderte i denne søknadsrunden. Ei ekspertgruppe har vurdert søknadane ut frå kvalitet og nytte. Dei åtte valde prosjekta skal også bidra til bedre helsetenester, samarbeid mellom fagfolk og ny kunnskap.
Kva er strategiske satsingar?
- Strategiske satsingar skal være meir enn eit ordinært forskingsprosjekt. Satsingane skal auke kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og virke inn på eller bidra til å betre helsetenesta og/eller samfunn som heilskap (impact).
- Regionalt samarbeid. Satsingane skal dekke heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Dersom det ikkje er mogeleg, skal det grunngjevast i søknaden. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal gå fram av søknaden, og skal synleggjerast i budsjett og deltakarliste.
- Byggje kompetanse og nettverk. Dei strategiske satsingane skal la langsiktig mål om å byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet med overføringsverdi/læring òg for andre fagområde. Søknaden bør mellom anna beskrive korleis ein skal bygge kompetanse og nettverk i løpet av prosjektperioden, og skissere korleis ein skal fortsette å vere strategiske aktørar saman også utover prosjektperioden.