We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Felleseigde helseføretak

Helse Vest eig fem helseføretakk saman med dei andre regionale helseføretaka, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst.

Sykehusinnkjøp HF

Sykehusinnkjøp HF koordinerer felles innkjøpsavtalar for alle helseføretaka i Noreg for slik å gjere innkjøpa billigare for sjukehusa.

Sykehusinkjøp HF

Sjukehusinnkjøp HFs formål er å utøva ei spesialisert og profesjonell innkjøpsteneste for spesialisthelsetenesta. Sjukehusinnkjøp HF skal:

  1. skapa resultat som bidreg til leveransetryggleik og økonomisk handlingsrom i helseføretaka
  2. ha høg leveringspresisjon og bidra til stabil og sikker drift for helseføretaka og arbeid med kontinuerleg forbetring
  3. sørgja for at anskaffingane skjer på ein korrekt og samfunnsansvarleg måte

Målbilete og strategisk retning

Dei regionale helseføretaka vil at Sjukehusinnkjøp HF skal:

Utvikle eit saumlaust og tett samspel med helseføretaka. For å oppnå dette skal Sjukehusinnkjøp HF blant arbeid med effektiv bruk av:

  • Møteplassar og samhandlingsarenaer
  • Fagmiljøa i anskaffingar og avtaleforvaltning
  • Styringsmodell for anskaffingar
  • Tilgjengeleg datagrunnlag

Vidareutvikle kompetansen og gjennomføringsevna til organisasjonen innan offentlege anskaffingar. For å oppnå dette skal Sjukehusinnkjøp HF mellom anna arbeida med:

  • å styrkja kunnskap og kompetanse
  • felles og standardiserte prosessar
  • å ta ut effekten av kategoriorganiseringa
  • å styrkja bruken av digitale verktøy
  • kvalitets- og risikostyring

Driva innkjøpsarbeid som skaper målbare resultat for:

  • Leveransetryggleik
  • Økonomisk handlingsrom  

Pasientreiser HF

Pasientreiser er reiser til og frå behandling som er godkjent av det offentlege. Saman med lokalt pasientreisekontor har selskapet ansvaret for saksbehandling og refusjon av pasientreiser utan rekvisisjon.

Pasientreiser HF

Pasientreiseordninga er innført for at sosiale, økonomiske eller geografiske forhold ikkje skal hindre pasientar i å ta imot behandling.

Pasientreiser HF er ei felles eining for dei fire regionale helseføretaka og har ansvaret for saksbehandling og utbetaling av stønad til reiser utan rekvisisjon.[1]

Pasientreiser HF har også ansvar for drift og forvaltning av IKT-fagsystem innanfor pasientreiseområdet, yter juridisk rådgiving, utarbeider opplæringsmateriell og bidreg til standardisering for å sikre likebehandling.

Målbilete for Pasientreiser HF

  • Det er eit mål at pasientane skal vere aktive deltakarar, og oppleve kvalitet og samanhengande tenester. Pasientreiser HF skal bidra til at pasientane organiserer si eiga reise.
  • Pasientar og pårørande skal oppleve føreseielegheit og tryggleik. Pasientreiser er ein naturleg del av eit heilskapleg pasientforløp og ei kritisk forsyningskjede for helsetenesta, som må fungere kvar dag.
  • Pasientreiser HF skal bidra til at ressursane i pasientreiseordninga blir retta inn mot dei som treng det mest, og at ei kostnadseffektiv pasientreiseordning bidreg til berekraftige helsetenester.
  • Pasientreiser HF skal samhandle med pasientreisekontora i helseføretaka for å optimalisere pasientforløpet. Pasientreiser HF skal effektivisere og vidareutvikle tenesta ved digitalisering og interregional styring av IKT-utviklinga.

 

[1] Ansvar for pasientar som har behov for tilrettelagde reiser (reiser med rekvisisjon) ligg hos helseføretak i dei fire helseregionane.

 

Luftambulansetjenesten HF

Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste HF (forkorta til Luftambulansetjenesten HF) har det operative ansvaret for luftambulansetenesta. Sjukehusa har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar.

Luftambulansetjenesten HF

Befolkninga skal få forsvarlege og likeverdige luftambulansetenester ved behov. 

Luftambulansetenesta er ei nasjonal teneste som er ein viktig del av den samla akuttmedisinske kjeda. Det er ein kostbar ressurs, og bruken skal alltid vurderast opp mot andre alternativ.  

Rett ressursutnytting krev god samhandling mellom aktørane i tenesta. Dette føreset felles standardar og retningslinjer.  

Dei regionale helseføretaka vil vidareutvikle tenesta med sikte på framtidig berekraftig bruk av teknologi og andre ressursar. Dette inkluderer personell, miljøperspektivet og samarbeid med andre aktørar. Vidareutvikling av tenesta skal vere kunnskapsbasert. 

Dei regionale helseføretaka vil at Luftambulansetenesta HF skal levere:

Trygg og likeverdig luftambulanseteneste 

  • fly dei rette pasientane 
  • utnytte ressursane effektivt 
  • leggje til rette for samarbeid og forsking mellom dei ulike aktørane, for å vidareutvikle luftambulansetenesta i tråd med behovet til pasientane 

Standardiserte tenester 

  • forankre og forvalte felles retningslinjer for bruk av luftambulanse 
  • samarbeide med fagmiljøa om å redusere uønskt variasjon i tenesta 
  • sikre at nye metodar og nytt utstyr som blir teke i bruk i tenesta er metodevurderte  

Saumlaus koordinering og robust beredskap 

  • leggje til rette for dialog og erfaringsutveksling mellom miljøa  
  • vidareutvikle felles løysing for verksemdsdata for luftambulansetenesta frå heile den akuttmedisinske kjeda i samarbeid med HDO, og utnytte data til kontinuerleg forbetring 
  • forvalte ein kostbar beredskapsressurs ansvarleg og effektivt, med tett kontraktsoppfølging 

Helsetjenestens driftsorganisasjon HF

Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO HF) er eit driftssenter for helsetenesta si bruk av løysingar for nødmeldetenester. Brukarane av tenestene i HDO er helsepersonell i dei regionale helseføretaka, helseføretaka og alle kommunane i landet. Det er open drift- og brukarstøtte for selskapets brukarar heile døgnet.

HDO HF

Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO) er nasjonal leverandør av virksomhetskritisk kommunikasjon og beslutningsstøtte i den akuttmedisinske kjede. 

Den akuttmedisinske kjeden er samfunnets samlede organisatoriske, personellmessige og materielle beredskap som yter befolkningen akutt helsehjelp. For å understøtte denne beredskapen leverer HDO sikre og robuste kommunikasjons-tjenester som blant annet nødnummer 113, felles legevaktsnummer 116 117 og løsninger for video- og datadeling. Tjenestene leveres over Nødnett, mobilnettene, Helsenettet og egne plattformer og legger til rette for effektiv nasjonal samhandling og operativ evne i spesialist- og kommunehelsetjenesten. Løsningene benyttes også i samvirke med nødetatene og øvrige rednings- og beredskapsressurser. 

Primærbrukerne er helsepersonell i helseforetak og kommuner som inngår i den akuttmedisinske kjeden, samt helsepersonell som gjennom bruk av HDOs tjenester avlaster eller understøtter akuttkjeden.

Målbilde og strategisk retning

HDO HF skal bidra til en helhetlig, koordinert og fremtidsrettet utvikling av teknologiske løsninger og tjenester i henhold til målsettingene for den akuttmedisinske kjeden i helseforetak og kommuner. Foretakets leveranser skal bidra til en trygg, sømløs og effektiv akutt helsehjelp for hele befolkningen.

Foretaket skal gjennom systematisk forvaltning av data, innsikt og brukerbehov utvikle løsninger som gjør helsepersonell og ledelse i stand til raskt å innhente og dele informasjon, koordinere innsats og flytte spesialisert vurderingskompetanse ut til pasient. Tjenestene skal muliggjøre mer effektiv samhandling og samtidig ha høy tilgjengelighet for alle brukere i akuttkjeden, slik at likeverdige helsetjenester ivaretas nasjonalt. 

HDO HF skal arbeide for at tjenester utvikles og driftes etter prinsipper som reduserer kompleksitet, fremmer standardisering og gir stordriftsfordeler. Dette skal styrke operativ evne, sikre stabil drift og bidra til effektiv ressursutnyttelse. 

Foretakets løsninger skal være robuste gjennom hele krisespekteret, være skalerbare og kunne tas i bruk utover den akuttmedisinske kjeden der dette gir samfunnsmessig nytte eller bidrar til å styrke den nasjonale beredskapen, i tråd med eiernes føringer. 

 

Sykehusbygg HF

Sykehusbygg HF er ein internleverandør for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Noreg, og skal leggje til rette for og bidra til standardisering, erfaringsoverføring, god utnytting av ressursane og ressurstilgang innanfor prosjektering og bygging av sjukehus.

Sykehusbygg HF

Sjukehusbygg HF skal bidra til framtidsretta utvikling av sjukehusutbygging i Noreg gjennom læring, innovasjon og erfarings- og kompetanseoverføring.

Gode sjukehusbygg er eit viktig rammevilkår for god og effektiv pasientbehandling. Det er derfor viktig at planlegging og bygging/ombygging av sjukehusbygg blir gjord på ein god måte, og at bygga deretter blir forvalta, drifta og vidareutvikla profesjonelt.

Sykehusbygg HF skal utvikle og forvalte relevant kompetanse på eit nivå som det ikkje er formålstenleg at kvart enkelt helseføretak handterer i eigen regi. Ved å samle ressursar og kunnskap i eitt helseføretak som kan samarbeide med fleire helseføretak på tvers av regiongrenser, er det lettare å drive erfaringsoverføring mellom prosjekt, og mellom helseføretak/regionar. Med utgangspunkt i erfaringar frå prosjekta skal Sykehusbygg HF, i samarbeid med eigarane, utvikle standardar der dette gir meirverdi.

Det er kvart enkelt helseføretak som eig bygga, og som har det samla ansvaret for sine eigne bygningar og eigedommar. Dette inneber ansvar for prioritering og planlegging av investeringsprosjekt innanfor faglege og økonomiske rammer, og dessutan forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og avhending av bygningsmassen. Dei regionale helseføretaka gir strategisk føringar for korleis helseføretaka skal utøve dette ansvaret. Sjukehusbygg HF si rolle og oppgåve er å leie prosjektorganisasjonen som planlegg og gjennomfører investeringsprosjekta på oppdrag for, og i tett samarbeid med helseføretaka.

Last updated 8/27/2026