Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.

Saka oppsummert
- Sjukehusa, RHF-a, SKDE og DSA står bak eit nytt nasjonalt nettverk for radiologi, som skal redusere unødvendige røntgen-, MR- og CT-undersøkingar.
- Bruken av bildediagnostikk har auka dei siste åra, og det er store geografiske forskjellar som ikkje kan forklarast av medisinske behov åleine.
- Nettverket skal bidra til betre styringsdata, nasjonale råd for tilvising og oppdaterte faglege retningslinjer.
- Dei første nasjonale tilvisingsråda innan muskel- og skjelettradiologi er allereie utarbeidde.
– Vi må slutte å undersøkje pasientar når det ikkje gir nytte. Det er dårleg bruk av ressursar og kan i verste fall skade pasientane. Det kan resultere i auka strålebelastning, overdiagnostikk, unødig bekymring hos pasientane og lange ventelister for dei pasientane som verkeleg har behov for våre tenester, seier Aslak Aslaksen, fagleg leiar av det nyoppretta nasjonale nettverket for radiologi, og overlege og professor emeritus ved Haukeland universitetssjukehus og UiB.
Bruken av bildediagnostikk har auka dei siste åra. I tillegg er det store geografiske forskjellar i kor ofte undersøkingane blir brukt. Medisinske behov forklarar ikkje variasjonen i landet, i følgje Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sitt helseatlas.

Foto: Helse Bergen
Skal kutte overforbruket og redusere variasjonen
– Vi uroar pasientane unødvendig, og utnyttar ikkje dei knappe ressursane vi har i helsetenesta rett. Det er viktig å kutte overforbruket og redusere variasjonen, slik at vi får gode og likeverdige helsetenester, fortset Aslaksen.
For å snu utviklinga, er det utarbeida seks tiltak. Det viktigaste grepet er ei etablering av eit nasjonalt radiologinettverk med fagfolk frå heile landet.
I gang med dei første nasjonale tilvisingsråda
Nettverket er et samarbeid mellom dei regionale helseføretaka, og skal bidra til betre styringsdata, oppdaterte retningslinjer og tettare samarbeid mellom tilvisande legar og radiologiske miljø.

Foto: Privat
– Vi har brukt våren på å etablere oss og komme ordentleg i gang. Vi skal blant anna lage felles nasjonale råd for tilvisingar, slik at legar enklare kan vurdere kva undersøkingar som faktisk er nødvendige. Vi har allereie utarbeida dei første nasjonale tilvisingsråda innan muskel-skjelettradiologi, seier Mia Louise Mowinckel-Nilsen, administrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi.
Det nasjonale nettverket skal jobbe vidare med desse seks tiltaka:
- Nettverk for radiologi i Noreg
- Betre styringsdata
- Tilgjengelegheit av undersøkingar på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
- Utarbeide og oppdatere eller revidere faglege retningslinjer
- Forbetring av tilvisingar til radiologi i primærhelsetenesta og sjukehusa
- Betre kommunikasjon mellom radiologiske avdelingar og tilviser