Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Klima og miljø
Klimaendringane er ifølgje Verdens helseorganisasjon den største helsetrusselen vi står ovanfor. Alle må bidra for å sikre ei framtid for dei som kjem etter oss.
Helse Vest RHF skal vere miljøleiande i rolla som eigar av helseføretak. Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal vi gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene vi gjer.
Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som vi utfører og initierer som eigar av helseføretak.
Vi skal gjennom vår rolle ha fokusere på at miljøomsyn blir ivaretekne i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen
Hovudmål
Redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030.
Delmål
Berekraftige helsetenester
Ledemiddel og medisinske produkt Andel produkt utan helse- og miljøskadelege stoff skal vere 75 prosent
Energi Redusere graddagskorrigert energiforbruk (kWh) med 20 prosent
Digitalisering og ny teknologi Andelen digitale polikliniske konsultasjonar skal være minimum 20 prosent
Redusere unødvendig forbruk, auke ombruk og materialgjenvinning - Redusere forbruket av usterile hanskar med 30 prosent - Fase ut eingongs varmejakker i løpet av 2026 - Årleg vurdere minimum 3 eingongsprodukt for utfasing - Materialattvinne 60 prosent av hushaldsliknande avfall
Bygg og natur - Gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar som inkluderer klima- og naturhendingar - Redusere unødvendig forbruk av medisinske- og HFK-gassar, og fase ut gassar med særleg høg klimapåverknad
Redusere utslepp frå reiser Redusere talet på kilometer bil i tenestereiser med 30 prosent Redusere talet på kilometer i fly i tenestereiser med 40 prosent Eigne køyretøy skal vere nullutsleppsbilar 10 prosent årleg auke i nullutslepps pasienttransport med drosje
Miljømedvitne medarbeidarar Miljømedvitne medarbeidarar i alle einingar (skår på 90 i forbetringsundersøkinga)