Prosjekta må ha solid strategisk forankring i sjukehuset eller føretaket, slik at sjansen aukar for at løysinga faktisk blir tatt i bruk dersom innovasjonsprosjektet lykkast. Prosjekteigar eller partnarar må bidra med ein obligatorisk eigenandel på minst 20 % av dei totale prosjektkostnadene. Søker de Helse Vest om 1,2 millionar kroner, skal eigenandelen frå prosjektgruppa minst utgjere 300 000 kroner, for eksempel gjennom eigeninnsats som frikjøp av personalressursar.
For idéoverføring er tilsvarande beløp minimum 100 000 kr om de søker Helse Vest om 400 000 kr i stønad.
Det blir automatisk sendt ein generert e-post til forankringsansvarleg i føretaket, som skal godkjenne søknad og budsjett. Merk at søknaden ikkje blir rekna som fullført før det føreligg ei stadfesting på at forankring er motteke av Helse Vest RHF.
Frist for institusjonell leiarforankring er en uke etter søknadsfrist. 23 mars 2026.
Kva kan støttast?
Personalrelaterte kostnader, kjøp av tenester, og utgifter til utstyr/driftskostnader kan støttast. Utgifter til utstyr kan berre utgjere 30 % av kostnadene. Søknadsbeløpet skal spesifiserast i budsjettmodulen i eSøknad. Budsjettet skal samsvare med definerte milepålar, aktivitetar og innhald.
Finansieringsplanen skal opplyse om direkte kostnadar knytt til aktivitetane som ein søker støtte til, eigeninnsats (timetal x timesats), anna finansiering og søkt beløp frå Helse Vest RHF.
Totalsummen for kostnadane skal være lik totalsummen i finansieringsplanen.
Tildeling av støtte føreset at alle relevante materielle rettar blir tekne vare på, og er i samsvar med reglementet for overføring av rettar til arbeidsresultat frå arbeidstakar til arbeidsgjevar i Helse Vest.
Stønad til eksterne samarbeidspartnarar
Ved samarbeid med kommunar, næringsliv, akademia eller forskingsinstitutt er det eit krav at desse partane bidreg med eigne ressursar til prosjektet. I tillegg kan inntil 20 % av søknadsbeløpet frå Helse Vest nyttast til å finansiere aktivitetar hos dei eksterne aktørane.
Samarbeidet skal skildrast i søknaden. Helse Vest anbefaler at de lagar ein samarbeidskontrakt som gjer greie for dei ulike aktørane si rolle, oppgåver, kompetanse og rettar i prosjektet.
Helse Vest anbefaler at søkjar kontaktar Sykehusinnkjøp HF Vest med tanke på råd og rettleiing der det er aktuelt, om eventuell marknads- og leverandørkontakt før de søkar midlar frå Helse Vest. Sykehusinnkjøp vil kunne rettleie korleis ein skal gå fram for å finne relevante samarbeidspartnar frå næringslivet, også med tanke på ei eventuell anskaffing i etterkant av eit samarbeid.
Dersom løysinga har eit kommersielt potensial bør de opplyse om samarbeid med den TTO-en (Technology Transfer Office) som helseføretaket har avtale med.