Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Mann og kvinne i grønne klær som smiler

Helsetenester til 1,1 millionar innbyggjarar

Helse Vest RHF eig fem helseføretak, og er eitt av dei fire regionale helseføretaka som har ansvaret for spesialisthelsetenesta i Noreg.

Tala er henta frå årsberetning og årsrekneskap for 2025
Kart
Regionen omfattar Rogaland og Vestland. Vi har kring 50 sjukehus og institusjonar. 

Den samla drifta i sjukehusa på Vestlandet kosta om lag

45 milliardar kroner

Resultat og investeringar

  • Resultatet for føretaksgruppa for 2025 viser eit positivt resultat på 
    487 millionar kroner.
  • Resultatet for Helse Vest RHF viser eit positivt resultat på
    746 millionar kroner.
  • Samla investeringar til føretaksgruppa for 2025 var på totalt 4,7 milliardar kroner.
  • Investeringane fordeler seg med:
    • 1,6 milliardar kroner til medisinteknisk utstyr
    • 1,7 milliardar kroner til bygg
    • 189 millionar kroner til øvrige investeringar som transportmiddel, inventar og utstyr
  • I tillegg er det investert i lisensar og programvare i tillegg til prosjekt under utvikling på til saman 1608 millionar kroner.
Flere sykehusansatte i arbeid
I heile Helse Vest er det om lag 32 000 medarbeidarar
  • Medarbeidarar

    75 prosent av medarbeidarane ved sjukehusa og institusjonane i helseregionen er kvinner, og 25 prosent er menn. I enkelte yrkesgrupper er kvinnedelen spesielt stor, mellom anna blant sjukepleiarar, hjelpepleiarar og reinhaldspersonale.

  • Styra

    I styra i Helse Vest er kjønnsbalansen på 55 prosent kvinner og 45 prosent menn i 
    Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Helse Vest IKT og Helse 
    Førde HF. For Sjukehusapoteka Vest HF er balansen 56 prosent kvinner og 44 
    prosent menn, og i Helse Vest RHF 60 prosent kvinner og 40 prosent menn.

Avtalar med private

Helse Vest RHF har inngått langsiktige avtalar med ei rekkje private leverandørar.

Per 31. desember 2025 har Helse Vest driftsavtalar med 239 avtalespesialistar:

  • 128 innanfor somatikk
  • 111 innanfor psykisk helsevern

Desse fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.

I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar, to private leverandørar innanfor radiologi, og ein innan laboratorium. 

I 2025 hadde Helse Vest avtale med åtte private leverandørar om levering av spesialisert rehabilitering i eigen region, og avtale med fem private leverandørar om levering av spesialiserte rehabiliteringstenester i Helse Sør-Øst. 

Som eit ledd i å ta ned ventetidene blei det inngått fleire avtalar med private aktørar i 2025, mellom anna på koloskopi, gastroskopi og fjerning av mandlar. Det var satt av 50 millionar kroner til kjøp frå private aktørar, som ein del av Ventetidsløftet. 

Mann i hvit frakk ser i mikroskop

Helse Vest RHF lys årleg ut midlar for å stimulere til innovasjon og auka berekraft i 
helsetenesta. I 2025 starta 33 nye innovasjonsprosjekt på bakgrunn av tildelinga av 18,9 millionar kroner frå Helse Vest RHF i april 2025. Samla hadde kring 60 innovasjonsprosjekt i føretaksgruppa finansiering frå Helse Vest RHF i 2025. Totalt fakturerte alle prosjekta Helse Vest RHF for 10,5 millionar kroner i 2025.

Helse Vest ble for 2025 tildelt 167,7 millionar kroner i statleg tilskot til forsking. I tillegg har Helse Vest sett av 100,4 millionar kroner frå eiga ramme, slik at den totale forskingsramma for 2025 var på 268,1 millionar kroner. I 2025 finansierte desse midlane blant anna 240 forskingsprosjekt og ulike insentivordningar.

Mann i hvit frakk ser i mikroskop

Forskinga omfattar i hovudsak klinisk forsking. I tillegg til dei øyremerka forskingsmidlane frå Helse Vest, har helseføretaka finansiert kostnader til forsking over basisramma, og dei har mottatt gåver og tilskot frå andre kjelder til forskingsføremål.