Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga og interne retningslinjer ved det føretaket søknaden er sendt i frå. Løyvinga kan ikkje nyttast til andre formål enn til det prosjektet det er søkt midlar til. I søknaden om forskingsmidlar skal det være ein plan for faktiske kostnader og dekning av desse.
Personellkostnader
Personell som er finansiert av forskingsmidlane i Helse Vest skal tilsetjast i søkjarinstitusjon. Dømes på dette er forskingsstøttepersonell og personar som er tildelt doktorgrads- eller postdoktorstipend. I tillegg skal stipendiatar finansiert av Helse Vest midlar ha fast arbeidsplass og vere aktivt deltakande i fag- og/eller forskingsmiljøet i søkjarinstitusjonen.
Institusjonen skal fastsette løn innanfor dei rammer som gjeld i helseføretaket.
Driftsmidlar
Driftsutgifter er direkte utgifter knytt til varer og tenester som er nødvendige for å gjennomføre prosjektet. Driftsmidlane kan nyttast til drift av prosjektet som reise- og møtekostnadar, kjøp av analysar eller tilgang til forskingsinfrastruktur, kjemikaliar og anna forbruksmateriell og programvare som går ut over standard programvare som ansvarleg institusjon skal dekkje.
Stipendiatar får midlar etter fast sats vedteke av samarbeidsorganet. Satsen skal dekkje løn med sosiale utgifter og drift.
Felleskostnader
Helse Vest midlar kan ikkje nyttast til felleskostnadar (eller dekningsbidrag) i institusjonen, som husleige for kontor/arbeidsplass, leige av PC/datamaskin med standard programvare, telefon og andre administrative fellestenester knytte til personell, økonomi og bibliotektenester. Institusjonen er ansvarleg for kostnaden også dersom det er behov for å kjøpe desse tenestene andre stader.
Utstyr
Forskingsmidlane kan berre brukast til utstyr dersom dette er oppgitt i søknadsbudsjettet. Utstyr som blir kjøpt inn for forskingsmidlane skal godkjennast av institusjonen og er institusjonen sin eigedom.