Kven kan søkje forskingsmidlar?
Som hovudregel må søkjarar om Helse Vest forskingsmidlar vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Leiarforankring
For alle søknader er det eit krav at den blir forankra av klinikkdirektør/avdelingsleiar helseføretak i regionen (søkjarinstitusjonen). Forankringa stadfestar at leiar støttar søknaden. Forankringa inneber òg at leiar godkjenner at tilsette i klinikken som skal delta i prosjektet bruker tid på forsking, og at dette kan krevje bidrag og ressursar frå klinikken. Søknadssystemet (eSøknad) sender automatisk e-post til leiar og ber om forankring etter at søknad er innlevert.
Søknadstilgang for ikkje-tilsette
For enkelte søknadskategoriar kan forankringsavtale nyttast der tilsettingskrava over ikkje er oppfylte. Berre personar tilsett ved følgjande institusjonar kan søkje med forankringsavtale:
- universitet og høgskular i regionen
- private institusjonar innan rusbehandling som har avtale med Helse Vest
- private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med Helse Vest
Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller motsvarande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.
Forankringsavtale er berre aktuelt for desse søknadskategoriane:
- Doktorgradsstipend
- Forskarstipend
- Open prosjektstøtte
Sjå også utfyllande retningslinjer for kvar søknadskategori.
Forankringsavtale
Merk:
- Signert skjema for forankringsavtale må skannast og leggjast ved søknaden som del av "Alle andre vedlegg".
- Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
- Det må leggjast fram ny forankringsavtale for kvar søknadsrunde.
Oppdatert juni 2026.