Det primære formålet med dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera er at dei skal brukast i forbetring av pasientretta tenester og for å redusere uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. Data eller resultat frå registera skal kunne nyttast for å følgje med på om gjennomførte endringstiltak er effektive og trygge.
Ofte dreier det seg om å sjå til at beste praksis eller nasjonale, kliniske retningsliner blir etterlevde. Registera kan også brukast til forsking. Dei er særleg nyttige for å identifisere sjeldne langtidsverknadar fordi dei ofte omfattar store og lite selekterte pasientgrupper som vert følgde over lang tid.
Koordinatorar kvalitetsforbetring og pasienttryggleik – Helse Vest
I dei lokale føretaka i Helse Vest har ei rekkje tilsette kompetanse i kvalitetsforbetringsmetodikk. Desse forbetringsagentane arbeider i ulike avdelingar i regionen og kan kontaktast med spørsmål om bistand i kvalitetsforbetringsarbeid.
Dei lokale kvalitetsforbetrings- og pasienttryggleikskoordinatorane har oversikt over kven som har forbetringskompetanse:
Helse Førde
Kari Furevik
Aasta Irene Ulvestad Kapstad
Helse Bergen
Gerd Gran
Haraldsplass Diakonale sykehus
Tove Zakariassen
Helse Stavanger
Fagavdelinga ved helseføretaket
Helse Fonna
Laila Østebøvik
Regional Kvalitetsforbetring og Pasienttryggleik er leia av Elisabeth Huseby ved Fagavdelinga i Helse Vest RHF.