Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Personvern

​1. Når samlar vi inn personopplysningar?

Vi behandlar i hovudsak opplysningar som du har gitt til oss av ei av desse årsakene:

  • I samband med at du tek kontakt med oss
  • I samband med at du har meldt deg på eit kurs eller eit seminar
  • I samband med at du abonnerer på nyheitsbrevet vårt
  • I samband med at du har søkt jobb hos oss
  • I samband med at du er tilsett hos oss

Vi får òg opplysningar indirekte av følgjande årsaker:

  • Vi får opplysningar om deg frå eit myndigheitsorgan
  • Ein tilsett har oppgitt deg som nærmaste pårørande
  • Ein jobbsøkjar har oppgitt deg som referanse

2. Rettane dine

Du kan utøve rettane dine ved å sende ein e-post til post@helse-vest.no. Du har krav på svar utan ugrunna opphald og seinast innan 30 dagar.

Få innsyn i eigne opplysningar

Du kan be om ein kopi av alle opplysningar om deg som vi behandlar.

Les meir om retten til innsyn på informasjonssidene til Datatilsynet.

Korrigere personopplysningar

Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feil eller misvisande.

Les meir om retten til å rette eller supplere opplysningar på informasjonssidene til Datatilsynet.

Slette personopplysningar

I gitte situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv.

Les meir om retten til sletting på informasjonssidene til Datatilsynet.

Avgrense behandling av personopplysningar

I enkelte situasjonar kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg.

Les meir om retten til avgrensing på informasjonssidene til Datatilsynet.

Protestere mot ei behandling av personopplysningar

Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller på bakgrunn av ei interesseavveging, har du rett til å protestere mot korleis vi behandlar opplysningar om deg.

Les meir om retten til å protestere på informasjonssidene til Datatilsynet.

Dataportabilitet

Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til ein annan behandlingsansvarleg.

Les meir om retten til dataportabilitet på informasjonssidene til Datatilsynet.

Du kan klage på behandlinga av personopplysningar

Vi håper du vil seie frå dersom du meiner at vi ikkje følgjer reglane i personopplysningslova. Kontaktinformasjon om oss.

Ikkje oppgi helseopplysningar eller andre sensitive opplysningar når du kontaktar oss på e-post.

Du kan klage over behandlinga av personopplysningar. Det gjer du til oss. Dersom klagen ikkje blir teken til følgje, sender vi han vidare til den rette klageinstansen (Fylkesmannen eller Datatilsynet).

3. Kva blir registrert når du bruker nettsida vår?

Les meir om personvern på nettsidene

Les meir om informasjonskapslar

4. Kva blir registrert når du kontaktar oss?

Telefon

Når du ringjer til oss, lagrar vi informasjon som er nødvendig for å administrere og drifte telefonsentralen, til dømes telefonnummeret ditt og kor lenge samtalen varte.

E-post

Vi bruker TLS-kryptering for å sikre e-postkommunikasjonen vår. Dei fleste webmailtenester støttar dette, og e-postkommunikasjonen med oss vil då vere sikra. Vi ber likevel om at du ikkje sender sensitive personopplysningar eller svært viktig informasjon per e-post, for vi kan ikkje garantere at e-postleverandøren din støttar TLS.

5. Behandling av opplysningar når du er i kontakt med oss

Generell kontakt

Når du kontaktar oss, behandlar vi opplysningar for å kunne svare deg på spørsmål. Vi lagrar opplysningar som er nødvendige for å kunne svare på spørsmålet ditt.

Dersom det er arkivverdige opplysningar, vil dei bli registrerte i saksbehandlingssystemet vårt.

Spørjeundersøkingar

Når vi gjennomfører spørjeundersøkingar, vil vi alltid informere om formålet med undersøkinga og om ho er anonym eller ikkje. Vi vil ikkje dele opplysningane med andre eller bruke opplysningane til andre formål enn det som er oppgitt.

Postjournal og innsyn

Vi fører ei systematisk og fortløpande oversikt over alle inngåande og utgåande saksdokument. Postjournalen er tilgjengeleg på nettsidene våre. Postjournalen inneheld opplysningar om avsendaren, mottakaren og overskrifta på saksdokumentet. Teiepliktige opplysningar er ikkje offentleg tilgjengelege.

Førespurnader om innsyn blir arkiverte.

6. Opplysningar om jobbsøkjarar

Jobbsøkjarar

Dersom du søkjer jobb hos oss, må vi behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden din. Personvernerklæring for Refapp.

Alle stillingssøknader blir journalførte i postjournalen vår.

7. Arkivsystem

Vi er ei offentleg verksemd og er underlagde arkivlova. Det inneber at vi har plikt til å lagre opplysningar om deg.

8. Informasjonssikring og databehandlarar

Vi har i dag ein IKT-driftsmodell der Helse Vest IKT AS driftar ein stor del av systema våre, men der vi òg har overlate drifta av enkelte system til eksterne partar.

Vi følgjer norma for informasjonssikring og personvern i helse- og omsorgstenesta (norma) og arbeider systematisk for å sikre at personopplysningar blir behandla slik at krava til konfidensialitet, integritet, tilgjengelegheit og robustheit er varetekne. Norma er eit sett av krav til informasjonssikring basert på lovverket.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller kommentarar, eller dersom du ønskjer å gjere bruk av rettane dine. Kontakt oss her.

 

Sist oppdatert 06.03.2024