Om nasjonale medisinske kvalitetsregister
Hovudformålet med dei medisinske kvalitetsregistera er å bidra til betre kvalitet for pasienten, og minske uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet.
Kvalitetsregister inneheld strukturert informasjon frå heile behandlingsforløpet: diagnostikk, behandling og oppfølging, i tillegg til resultat av behanding. Dette gir kunnskap om uriktig variasjon og kvalitet i helsetenesta. Resultat frå registera skal brukast til kvalitetsforbetring, og vere ei kjelde til kvalitetssikring og forsking.
Eit kvalitetsregister med nasjonal status skal samle inn data frå alle aktuelle sjukehus i Noreg.
Dersom du er tilsett i eit av helseføretaka i Helse Vest og er interessert i å vite meir om etablering av lokale eller regionale kvalitetsregister, så finn du informasjon om dette på intranettsidene (innsiden) til Fagsenteret eller du kan kontakte oss på kvalitetsregistre@helse-vest.no.