Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest frå 2026
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
– Fyrst og fremst vil eg si takk til styremedlemmene som no går av. Innsatsen dei har gjort, er viktig. seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, og fortsett:
– Eg gler meg til å samarbeide med dei nye styra for sjukehusa på Vestandet og Sjukehusapoteket Vest. Styra har brei kompetanse og god samfunnsforståing. No skal vi jobbe saman, slik at vi sikrar at helsetenestene våre er likeverdige og gode, men og framtidsretta og berekraftige.
Styra i helseføretaka er øvste ansvarlege organ i føretaka. Dei skal leggje til rette for at helseføretaka gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styra.
Oppnemd for to år
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette.
Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
Styremedlemmene er oppnemnd for ei periode på to år.
Sjå oversiktene over heile styret til helseføretaka på nettsidene til helseføretaka.
Under er oversikta over dei eigaroppnemnde styremedlemmene i styra i Helse Vest. Oppnemninga for Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest gjeld frå i dag, tysdag 20. januar, medan Helse Førde-styret gjeld frå 1. februar:
Helse Førde HF (gjeld frå 1. februar)
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Marit Hermansen
Styremedlem Arne Johannessen
Styremedlem Silje Skaar Sunde
Styremedlem Thomas Vingen Vedeld
Styremedlem Randi Skår (ny)
Styremedlem Erik Magne Hansen
Helse Bergen HF
Styreleiar Rune Haugsdal (ny)
Nestleiar Per Morten Sandset
Styremedlem Rolf Martin Tande
Styremedlem Trude Husevåg
Styremedlem Marit Bakke
Styremedlem Marianne Marthinsen (ny)
Styremedlem Ivar Eriksen
Helse Fonna HF
Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Anne Sissel Faugstad
Styremedlem Ingvill Skogseth
Styremedlem Helga Arianson
Styremedlem Håkon Haugli (ny)
Styremedlem Anne Marit Særsten Halvorsen (ny)
Styremedlem Per Karlsen
Helse Stavanger HF
Styreleiar Morten Reymert (ny)
Nestleiar Ingrid Nordbø (ny)
Styremedlem Marit Lieng
Styremedlem Knut Vassbø
Styremedlem Ola Kvaløy
Styremedlem Gaute Tyberø
Styremedlem Hilde Christiansen
Sjukehusapoteka Vest HF
Styreleiar Helge Torgersen
Nestleiar Arve Varden
Styremedlem Anders Hovland
Styremedlem Helle Schøyen
Styremedlem Clara Beate Gram Gjesdal
Styremedlem Ina Nikoline Wille

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF