Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Helse 2035

Helse 2035 er den overordna verksemdstrategien for Helse Vest.

En mann og kvinne som klemmer hverandre

Å utvikle pasienten si helseteneste har vore eit av dei berande prinsippa når vi har utforma den nye verksemdstrategien vår, Helse2035. Dette skal prege alle delar av aktiviteten til Helse Vest, anten det gjeld pasientbehandling, forsking, opplæring eller utdanning.

Vår visjon: – Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet!
Helse 2035

I strategien er det lagt særleg vekt på dei områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Han er derfor bygd opp rundt utvalde tema, der dei grunnleggjande områda for verksemda er ein naturleg del.

Ressurstilgangen vil bli strammare i åra som kjem. På same tid vil vi sjå ein vekst i behov og behandlingsmoglegheiter. Vi må derfor balansere behov og moglegheiter opp mot tilgjengelege ressursar på beste måte, og sikre berekraft for dei tenestene vi skal levere i dag, i morgon og fram mot 2035. Det vil krevje prioriteringar. Med ei utvikling mot betre tenester og ein meir effektiv måte å levere tenestene på skal vi møte pasientane med den respekten, kvaliteten og tryggleiken dei treng.

Nasjonal helse­ og sjukehusplan gir føringar for spesialisthelsetenesta i Noreg. Helse Vest har lagt desse føringane til grunn i arbeidet med verksemdstrategien, som peikar ut retninga for helseføretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fram mot 2035.

Våre verdiar: - Respekt, tryggleik og kvalitet!
Helse 2035

Arbeidet med strategien har brei forankring i heile føretaksgruppa på Vestlandet, og det har komme fleire viktige innspel frå andre aktørar i helsesektoren. Prosessen og arbeidet har vore omfattande, og vi vil gjerne takke alle som har bidrege.

Vi står overfor store oppgåver, utfordringar og moglegheiter i perioden som kjem. Det krev at spesialisthelsetenesta på Vestlandet arbeider saman som éi eining. I fellesskap med pasientane, medarbeidarane og samarbeidspartane i helsesektoren skal vi byggje ei framtidsretta og berekraftig helseteneste.

Overordna mål

Trygge og nære helsetenester

God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet

Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling

Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon 

Helse 2035

Spesialisthelsetenesta på Vestlandet står framfor store endringar og utfordringar. Det blir stadig fleire innbyggjarar med stort behov for helsetenester. Samtidig viser framskrivingar av sjukdomsbiletet ein betydeleg auke av kreft, kols, demens, diabetes, overvekt, rus og psykiske lidingar.  

 

Les heile strategien her!

Helse Vest 2035 strategirapport.pdf
En mann og kvinne som klemmer hverandre
Sist oppdatert 05.04.2024