Strategien skal brukast til styring og prioritering og er derfor spissa mot
det viktigaste vi må løyse dei neste åra. Utfordringsbiletet knytt til auka
behov og etterspørsel etter helsehjelp, samstundes som det er mangel
på helsepersonell, er godt kjend. Om vi ikkje lukkast med å omstille oss
slik at vi kan behandle fleire pasientar med færre personellressursar per
pasient, vil vi ikkje klare å oppretthalde dagens kvalitet på tenestene i
framtida.
Mål: Helsepersonell brukar meir av tida si på pasientretta arbeid, slik at vi handterer behova i befolkninga.
Målet i strategien handlar derfor om digitalisering som verktøy
til å frigjere meir kapasitet og kompetanse til pasientretta arbeid.
Innsatsområda tydeleggjer kva vi skal gjere for å nå målet.
Kvalitet og pasienttryggleik må vi alltid ha med oss i utviklings- og
forbetringsarbeidet. Vi må òg sikre at informasjonstryggleiken vert
ivareteken og at dei digitale løysingane er så robuste som mogleg i ein
beredskapssituasjon
Forenkle arbeidskvardagen for helsepersonell

Foto: Helse Bergen
Alle medarbeidarane våre treng brukarvenlege,
digitale arbeidsverktøy som heng godt saman
og støttar dei kliniske arbeidsprosessane.
Vi skal
- forbetre brukarvennlegheit og fjerne tidstjuvar
- ta i bruk teknologi som avlastar dei kliniske og administrative
prosessane, t.d. automatisering og KI - utvikle samanhengande arbeidsflater som er tilpassa
arbeidsoppgåvene og som fungerer på ein tenleg måte
Styrke pasientmedverknaden

Vi må ha digitale løysingar som sikrar godt samspel mellom pasient og behandlar. Dette gir betre bruk av klinisk kompetanse og kapasitet.
Vi skal
-
gje pasientar og pårørande løysingar kor dei enkelt kan involvere seg i behandling og oppfølging av eiga og næres helse
-
gjere pasienten i stand til å bidra i dokumentasjonsarbeidet
-
bruke digitale verktøy som reduserer talet på unødvendige konsultasjonar
Utnytte potensialet i dei løysingane vi har

Vi må bruke ressursane våre på å få meir ut av dei løysingane vi har framfor å utvikle nye.
Vi skal
-
forbetre eksisterande løysingar og halde teknologien oppdatert
-
lære av kvarandre, og skalere og bredde gode løysingar
-
bruke nasjonale løysingar som støttar samhandling med andre
Realisere gevinstane av digitaliseringa

Vi må ha eit heilskapleg perspektiv på teknologi, organisasjonsutvikling og den kliniske arbeidskvardagen når vi utviklar og tek i bruk digitale løysingar.
Vi skal
-
arbeide med endring av arbeidsvanar og –prosessar i takt med at vi utviklar og tek i bruk digitale løysingar
-
sikre god digital kompetanse og heilskapleg opplæring tilpassa den kliniske kvardagen
-
følgje opp realisering av gevinstar
