Forankringsavtale manglar der det er påkrevd:
Dersom søkjar er ikkje tilsett ved eit helseføretak/privat, ideell institusjon i tråd med aktuell søknadskategori, og det ikkje er lagt ved gyldig/oppdatert forankringsavtale, vil søknaden bli avvist. Jf. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar og den enkelte søknadskategori.
Feil ved forankringsavtale:
- Rett versjon av forankringsavtalen er ikkje brukt. Det blir laga ny mal for forankringsavtale for kvar utlysing. Malen kan lastast ned frå nettsidene til Helse Vest.
- Forankringsavtalen manglar signeringsdato og/eller gyldige underskrifter. Avtalen skal signerast for denne søknadsrunden og i tråd med fullmaktstrukturen i institusjonane, og skal vere minimum på nivået klinikkdirektør, instituttleiar o.l.
Særleg for doktorgradsstipend:
Dersom verken stipendiat, hovudrettleiar eller prosjektleiar er tilsett i minst 20 prosent stilling ved godkjend søknadsinstitusjon, og det ikkje er lagt ved gyldig forankringsavtale, vil søknaden bli avvist.
Jf. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar, og retningslinjer for doktorgradsstipend.