Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Utdanningskonferansen i Helse Vest

Helse Vest arrangerer ein utdanningskonferanse kvart år. Det er det regionale samarbeidsorganet for utdanning som er ansvarleg for konferansen.

Ikon

Målgruppe for konferansen er leiarar og medarbeidarar i føretaka (Stavanger, Fonna, Bergen, Førde og HDS) og utdanningsinstitusjonane (UiS, UiB, HVL og VID) som har ansvar for utdanning, klinisk undervisning og praksis for studentar. Målsetjing er at konferansen skal bidra med fagleg påfyll samt byggje nettverk på tvers av profesjon, fag og organisasjon.

Det er sett eit tak på 100 deltakarar. Konferansen er gratis for deltakarane, men kvar enkelt må dekkje reise sjølv.

Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å fokusere på den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksem til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Her kan du sjå programmet for Utdanningskonferansen i Helse Vest og melde deg på.

Statuttar for Utdanningsprisen

Kven er din kandidat?

Program dag 1

Møteleiar: Rebekka Ljosland, Strategi- og samhandlingsdirektør, Haraldsplass diakonale sykehus

15.00-15.30: Registrereing og lett servering

15.30-15.40: Opning av konferansen

15.40-15.55: Kunstnerisk innslag

15.55-16.00: Tema 1: Treng vi fleire generalistar om vi skal løyse framtidas helseutfordringar på ei berekraftig måte?

Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 og Helsepersonellkommisjonen tilrår å styrke generalistkompetanse både i kommunane og i helseføretaka. Mangel på helsepersonell, og den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre og pasientar med samansette behov, bidreg til en utvikling med auka behov for personell med generalistkompetanse.

Samtidig fører utviklinga i mellom anna behandlingsformer til at grada og omfanget av spesialisering av personell aukar. 

  • Både generalist- og spesialistkompetanse er viktig for spesialisthelsetenesta. Er dagens organisering berekraftig, eller står vi føre viktige vegval for tydelegare satsing på generalistkompetanse?
  • Korleis vil dette påverke sjukehusstruktur, organisering i sjukehus, disponering av personell, kompetanse mm. Er dette ei endring det er behov for? Er det andre måtar å løyse utfordringane på?
  • Korleis bør vi jobbe med det og kva bør vi være oppmerksame på for å sikre kvalitet og pasienttryggleik?
  • Korleis vil det påverke utdanningsinstitusjonane, kva endringar må til? 

16.00-17.00: Hovudinnlegg

v/Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest og Sjur Lehmann, direktør for Statens helsetilsyn

17.00-17.10: Pause

17.10-17.50: Panelsamtale

Panelsamtalen leiast av Rebekka Ljosland, Strategi- og samhandlingsdirektør, Haraldsplass diakonale sykehus

17.50-18.00: Oppsummering av dag 1

19.00: Middag med utdeling av Helse Vest sin utdanningspris

 

Program dag 2

Møteleiar: Eldar Søreide, dekan, Universitetet i Stavanger 

08.30-09.05: Presentasjon av vinnaren av Helse Vest sin utdanningspris

09.05-09.10: Tema 2: Tverrfaglege samarbeid for framtida

Det peikast på at tverrfagleg samarbeid er viktig i helsesektoren. Forsking viser at tverrfaglege team kan bidra til betre koordinering og integrering av helsetenester, auka effektivitet og kvalitet, meir brukarmedverknad og kompetanse- og tenesteutvikling. Det kan også bidra til å løyse bemanningsbehov.

  • Kva viser forskinga på tverrfaglege team?
  • Kva er tverrfaglege team og kva er utfordringar med tverrfagleg samarbeid
  • Korleis kan samarbeid lærast?
  • Forskingsbaserte verktøy for å lykkast med å samarbeide på tvers

09.10-10.00: Å knekke den tverrfaglege samarbeidskoden

v/Elisabeth Andvik, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI 

10.00-10.20: Pause og utsjekk

10.20-11.50: Gode eksempel på tverrfagleg samarbeid:

  • «Tjenester på Tvers» - En modell for samhandling mellom psykisk helsevern barn-unge og somatikken, Irene Birkow Elgen, overlege ved Helse Bergen
  • «Team på Tvers» - En modell for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetjeneste i komplekse saker. v/Hanne Marit Bjørgaas, overlege ved Helse Stavanger og Anette Våga Ball, rådgiver i Stavanger kommune
  • Mikroteam og tverrfaglig samarbeidThomas Berge, seksjonsleder ved Helse Bergen
  • «Tverrfaglig eller tverr og faglig» - Forbedring satt i system i psykiatrisk klinikk, Karl-Erik Fiskå, helsefagarbeider ved Helse Bergen
  • TVEPS - tverrprofesjonelt samarbeid bidrar til bærekraftig helsetjeneste. v/Merethe Hustoft, førsteamanuensis/nestleder i TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring) 

11.50-12.00: Pause

12.00-12.45: Framtidas helsepersonell – kven er dei, og kva behov har dei? 

v/Ingrid Gilje Heiberg, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet

12.45-13.00: Avslutning

v/Hilde Brit Christiansen, direktør medarbeider, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF

13.00: Lunsj

For å møte aukande behov og sikre nødvendig kompetanse må vi tenke nytt – både i helsetenesta og ved utdanningsinstitusjonane. Det handlar ikkje berre om å utdanne fleire, men om å utvikle ein kultur som fremmer psykologisk tryggleik, refleksjon og læring i praksis.

Konferansen utforskar korleis vi kan styrke samarbeidet mellom utdanning og helseteneste, bygge gode lærings- og arbeidsmiljø og iverksette tiltak som gir resultat – til beste for studentar, medarbeidarar og pasientar.

Programmet blir oppdatert fram til konferansen startar.

 

Program dag 1

Møteleiar: Dagrun Kyrkjebø, konstituert utviklingsdirektør, Helse Førde


Torsdag 08. januar 2026

15.00-15.30: Registrering og lett servering

15.30-15.40: Opning av konferansen 
v/ Hilde Brit Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF

15.40-15.45: Tema 1: Strategisk samarbeid og framtidas behov

15.45-16.45 Hovudinnlegg: Saman byggjer vi kompetanse for framtida
v/ Eivind Hansen, administrerende direktør, Helse Bergen

16.45-17.00: Pause

17.00-17.45: Samtale rundt bordene

17.45-18.00: Oppsummering av dag 1 

19.00: Middag med kulturelt innslag og utdeling av Helse Vest sin utdanningspris 

 

Program dag 2

Møteleiar: Else Cathrine Rustad, dekan, Høgskulen på Vestlandet

 

Fredag 09. januar 2026

08.30-09.05: Presentasjon av vinnaren av Helse Vest sin utdanningspris

09.05-09.10: Tema 2: Læring i praksis – saman om tryggleik, kvalitet og profesjonsutvikling

09.10- 10.00: Kva seier forskinga om læring i praksis – og korleis bruker vi det i utdanning og teneste? 
v/ Monika Kvernenes, førsteamanuensis, Universitetet i Bergen

10.00-10.30: Pause og utsjekk

10.30-11.50: Gode eksempel frå utdanningsinstitusjonar og helseføretak:

  • Korleis leggje til rette for gode overgangar frå studium til arbeidslivet i sjukepleieutdanninga? – erfaringar ved UiS
    v/ Aleksandra Latinovic, universitetslektor ved UiS
  • Kva verdi har Tverrprofesjonell simulering for studentane i helse- og medisinutdanninga? - samarbeid ved UIS, SUS og UIB  
    v/ Kristoffer Andreas Haugen, sjukepleiestudent ved UiS
  • Erfaringar frå langpraksis i spesialisthelsetjenesten
    v/ Anita Moen Hakestad, høgskulelektor ved HVL og Margrethe Habbestad Torkelsen, sjukepleiar ved Helse Fonna
  • Framandgjeringas dynamikk
    v/ Eldrid Nilsen, medisinstudent ved UiB


11.50-12.00: Pause

12.00-12.45: Korleis skaper vi ein felles kultur for læring, refleksjon og utvikling? 
Samtale rundt bordene og faglege refleksjonar

12.45-13.00: Oppsummering
v/ Hilde Brit Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest

13.00: Lunsj

Sist oppdatert 19.06.2026