Fagsenteret inngår i ei nettverksorganisering leia av Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister, Helse Nord RHF, og er organisatorisk lagt til Forskings- og utviklingsvadelinga ved Helse Bergen. Fagsenteret har eit nært samarbeid med dei regionale einingane, Helse Vest IKT og Fagsenter for pasientrapporterte data.
Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister blei etablert i 2009 og er organisert i Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord. Dette er eit kompetansemiljø som har fått i oppgåve å sikre drift og god utnytting av dei medisinske kvalitetsregistera. Dei regionale einingane har eit særskilt ansvar overfor dei nasjonale kvalitetsregister tillagt «sitt» regionale helseføretak.
Les meir om Nasjonalt servicemiljø
Styringsorgan for IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest er etablert ut frå eit behov for eit nytt vedtaksforum for å rapportere og ta avgjerdslar om utvikling av teknisk løysing.
Styringsorgan for IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest (PDF)