Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Rettar ved fristbrot

Når du har fått ein frist for helsehjelp og ikkje har fått helsehjelpa innan denne fristen, har du rett til å få tilbod om behandling ein annan stad. 

Du vil få eit brev på Helsenorge med informasjon om fristbrotet. Ta kontakt med Helfo dersom du ønskjer å få tilbod om behandling ein annan stad enn hos oss, eller dersom du ønskjer informasjon om rettane og moglegheitene dine. Om du ikkje ønskjer eit anna behandlingstilbod, blir du ståande på venteliste her hos oss. 

​Fristen du har fått, seier noko om kor lenge det er medisinsk forsvarleg for deg å vente på helsehjelp. At Helfo ved fristbrot kan finne helsehjelp til deg ein annan stad, medfører kortare ventetid og styrkjer dermed rettane dine som pasient. 

Om rettane dine ved fristbrot på helsenoreg.no
https://helsenorge.no/rettigheter/brudd-pa-behandlingsfrist

Sist oppdatert 28.04.2023