Ansvarleg for sida
- Ansvarleg redaktør er kommunikasjonsdirektør Bente Aae.
- Webredaktør er kommunikasjonsrådgivar Siri Tjessem Fjælberg.
Bilde på nettstaden
Alle bilda vi bruker på nettsidene våre er tekne med det føremålet at dei skal brukast i sjukehusa våre og på helse-vest.no. Alle menneska som er avbilda har gitt sitt samtykke til det.
Kommunikasjonsavdelingane i sjukehusa og Helse Vest RHF eig alle bilda som er brukte. Dei aller fleste bileta er tekne av kommunikasjonsavdelingane sjølve, men vi bruker òg bilete frå:
- Kjetil Alsvik
- Thor Brødreskift
- Eivind Senneset
- Monica Larsen
- Kristin Rødven Eide
Nokre bilde på nettstaden er frå Colourbox, Corbis/Johnér eller andre eksterne byrå.
Dei fleste hovudbilda (i sirklane) er tekne ved Haugesund sjukehus, av fotograf Kjetil Alsvik.
Vi har også bilde på Flickr
Du er velkommen til å ta kontakt med oss på info@helse.vest.no dersom du ønskjer bruke nokre av dei. Dersom du ønskjer å bruke eit bilde frå eit av sjukehusa eller frå Sjukehusapoteka Vest, ta kontakt med deira kommunikasjonsavdeling.
helse-vest.no
Løysinga er utvikla etter mobile-first-prinsippet og har responsiv design. Vi har også gjort så godt vi kan for å få sidene våre universelt utforma, slik at vi kan gi god informasjon uansett kven som besøkjer nettsidene våre.
Alle helseføretaka i Noreg bruker den same tekniske løysinga.
Gi oss gjerne tilbakemelding på sidene på info@helse-vest.no
- Informasjonskapslar
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar for å samle inn statistikk. Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg.
- Personvern
Personvernreglane seier korleis ei verksemd som samlar inn personopplysningar, skal behandle desse opplysningane med tanke på korleis dei blir sikra, kven som eventuelt har tilgang til dei, og om dei blir utleverte til andre.
- Helse Vest bruker nynorsk
Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål.