Utanlandsstipendet kan nyttast til reise- og meirutgifter knytt til eit forskingsopphald i utlandet. Midlane blir forvalta av søkjarinstitusjonen, og utgifter blir refundert gjennom utleggsrefusjon.
Det er ein føresetnad at løn under utanlandsopphaldet blir dekt av arbeidsgivar eller andre kjelder.
Varigheit av opphald:
- Du kan søkje om støtte til eit forskingsopphald for 6 eller 12 månader
- Du kan søkje om å dele stipendet inn i to separate periodar av tilnærma lik varigheit (t.d. 3 + 3 månader)
- Tilsette i stipendiatstillingar må avslutte utanlandsopphaldet seinast tre månader før stipendperioden avsluttast
Du kan søkje om å få dekt følgjande kostnadar:
- Opphald: Det kan givast støtte til dokumenterte etablerings- og meirutgifter ved opphaldet etter faste satsar. Satsane varierer ut frå om ein reiser åleine eller med familie (definert som ektefelle, samboar eller registrert partner og eventuelle barn under 18 år). Familiemedlemmar må opphalde seg saman med forskaren i heile eller tilnærma heile perioden for forskingsopphaldet i utlandet for å kunne få støtte som familie.
Sjå satsar for søknadsrunden. Alle trekkfrie meirutgifter må dokumenterast. Udokumenterte utgifter er skattepliktige.
- Reise: Reiseutgifter ved oppstart og avslutning av opphaldet (billigaste reisemåte), for søkjar og eventuelle medreisande familiemedlemmar.
I tillegg: Ved samanhengande utanlandsopphald i 6 eller 12 månader kan reiseutgifter for søkjar som reiser utan familie og har barn under 16 år, bli dekte som følgjer:
- inntil to heimreiser (tur/retur) for å besøke familien dersom det er søkt om 12 månaders utanlandsopphald
- ei heimreise (tur/retur) dersom det er søkt om 6 månaders utanlandsopphald
Slike reisekostnader må leggjast inn og grunngjevast i søknaden.
Døme på meirutgifter (reise/opphald) som kan reknast som trekkfrie (må dokumenterast)
- Reiseutgifter tur/retur (faktiske utgifter)
- Husleige, straum, etc.
- Visum
- Nødvendige vaksiner
- Skulepengar dersom offentleg skule ikkje kan nyttast
- Barnehage (meirutgifter i høve til betaling i Norge)
- Forsikring dersom ekstraforsikring
- Andre driftsutgifter som understøtter føremålet med tilskotet, kan vurderast trekkfritt