Tid og stad
- Når
-
- 27. mai 2026, 09:00 - 16:00
- 28. mai 2026, 09:00 - 15:00
- Kvar
-
Quality Hotel Edvard Grieg
Bergen
- Påmelding
- Program og påmelding
DigitalHelse26 – felles løysingar på felles utfordringar
På DigitalHelse26 møtest helse- og omsorgstenestene, forskarar, næringsliv, brukarar og avgjerdstakarar for å utforska løysingar, læra og inspirera.
I løpet av desse to dagane rettar dei søkjelys på organisasjon og leiing når nye løysingar blir innførte, tek opp beredskap for kriser og rettar blikket mot dei nordiske nabolanda våre. Du får høve til å utforska overvakingsteknologi og dei etiske problemstillingane som følgjer med, samtidig som me løftar fram betydninga av tverrsektoriell samhandling. Brukarmedverknad i tenesteutvikling og innovasjon er eit gjennomgåande tema, og som tidlegare år blir det presentert ferske funn frå forskingsfronten. Du møter også helsenæringa og deira siste nyvinningar – alt med mål om å gi deg fagleg påfyll, inspirasjon og nye perspektiv.