Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Eigendel og frikort

Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester. Det er ulike eigendelar avhengig av type helseteneste.

​I nokre tilfelle må du betale for bandasje- og forbruksmateriell eller andre tenester i tillegg til eigendelen.

Oversikt over eigendelar på helsenorge.no

Frikort

Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Når du viser frikort, treng du ikkje å betale eigendel for resten av kalenderåret.

Oversikt over frikort og beløpsgrenser på helsenorge.no


 

Sist oppdatert 28.04.2023