Tid og stad
- Når
-
- 08. jan. 2026, 15:00 - 18:00
- 09. jan. 2026, 08:30 - 13:00
- Arrangør
- Helse Vest RHF
- Kvar
-
Scandic Flesland Airport
Lønningsvegen 9
5285 Blomsterdalen
- Kart
For å møte aukande behov og sikre nødvendig kompetanse må vi tenke nytt – både i helsetenesta og ved utdanningsinstitusjonane. Det handlar ikkje berre om å utdanne fleire, men om å utvikle ein kultur som fremmer psykologisk tryggleik, refleksjon og læring i praksis.
Konferansen utforskar korleis vi kan styrke samarbeidet mellom utdanning og helseteneste, bygge gode lærings- og arbeidsmiljø og iverksette tiltak som gir resultat – til beste for studentar, medarbeidarar og pasientar.
Programmet blir oppdatert fram til konferansen startar.
Program dag 1
Torsdag 08. januar 2026
15.00-15.30: Registrering og lett servering
15.30-15.40: Opning av konferansen
15.40-15.45: Tema 1: Strategisk samarbeid og framtidas behov
15.45-16.45: Korleis styring og samarbeid kan bygge kapasitet i ein presset utdannings- og helseteneste
16.45-17.00: Pause
17.00-17.45: Samtale: Korleis bygger vi bru mellom utdanning og helsetenesta?
Deltakarar: Student/nytilsett, praksislærar, praksisrettleiar, og leiarar frå klinikk og utdanningsinstitusjon
17.45-18.00: Oppsummering av dag 1
19.00: Middag med kulturelt innslag og utdeling av Helse Vest sin utdanningspris
Program dag 2
Fredag 09. januar 2026
08.30-09.05: Presentasjon av vinnaren av Helse Vest sin utdanningspris
09.05-09.10: Tema 2: Læring i praksis – saman om tryggleik, kvalitet og profesjonsutvikling
09.10- 10.00: Kva seier forskinga om læring i praksis – og korleis bruker vi det i utdanning og teneste?
10.00-10.20: Pause og utsjekk
10.20-11.50: Gode eksempel frå utdanningsinstitusjonar og helseføretak
Aktuelle tema: Profesjonell identitet og tryggleik i rolla, psykologisk tryggleik og læring gjennom feil, rettleiing – modellar, utfordringar og utvikling, og vurdering i praksis.
11.50-12.00: Pause
12.00-12.45: Refleksjon og dialog rundt bordene; Korleis skaper vi ein felles kultur for læring, refleksjon og utvikling?
12.45-13.00: Oppsummering
13.00: Lunsj